Passasjerane har gitt bøtter med ros til mannskapet for måten dei takla den kritiske situasjonen då hurtigruteskipet var 100 meter frå å havarere på Stadhavet natt til søndag. Omsorgsfulle, rolege, flinke til å informere, trygge og fagleg dyktige er honnørord som har gått att. Eliassen har denne forklaringa på kvifor det gjekk bra:

— Trening, respekt for elementet vi jobbar med, godt miljø om bord, evne til å improvisere og at vi i ein kritisk situasjon greidde å ha godt humør og vere oss sjølve.

Såg skjeret

Sjølv opplevde Eliassen det som vanskelegast å stå på livbåtdekket å sjå sjøen bryte på Bukketjuvane 100 meter unna.

— Akkurat då budde eg meg på at dette kunne gå skikkeleg gale, fortel han.

— Var du redd?

— Eg trur vi alle var så fokuserte på å gjere jobben at vi ikkje rakk å bli redde. Vi hadde rett og slett ikkje tid. Men vi var nok engstelege, mange av oss.

— Mannskapet har vore gjennom debrifing og fått snakke om det som skjedde. Har det vore mange sterke reaksjonar i etterkant?

— Det har vore veldig forskjellig. Den mest vanlege er at mannskapet opplevde desse timane som veldig hektiske.

Braut isen med vatn

Sikkerheitsoffiseren tok sjølv mot passasjerane då dei blei samla på restaurantdekket for å kle på seg redningsvestar og overlevingsdrakter. Han fortel om ein situasjon der det aldri blei panikk.

— Vi prøvde heile tida å gjere ting roleg, og leggje til rette så godt som råd for passasjerane. Vi la vekt på at familiar ikkje blei splitta. Dei fekk stå saman og kle på seg, og dei fekk gå saman til livbåtdekket. Og hadde folk behov for å gå på do, så fekk dei lov til det.

Stemninga mellom dei spente passasjerane tok seg fleire hakk opp då dei fekk tilbod om vatn frå kafeteriaen.

— Det var heilt improvisert. Brått kom nokon med vatn og spurde om passasjerane ville ha. På mange måtar braut vi isen med det vatnet. Det blei ei anna stemning etterpå. Smilet kom fram.

Klar med spyposane

Mannskapet på MS «Midnatsol» trenar kvar ellevte dag på naudsituasjonar.

— I tillegg til å øve beredskapen på å handtere ein slik situasjon som den vi fekk natt til søndag, prøver vi også å tenkje tryggleik i alt vi gjer.

— Men det går vel ikkje an å bu seg på alt som dukkar opp i ein slik situasjon?

— Nei, evna til å improvisere og heile tida søkje løysingar er viktig. Og der er eg imponert over mannskapet. Serveringa av vatn var eit døme. Noko anna skjedde då vi skulle følgje passasjerane til livbåtane tre dekk over restaurantdekket. Mange var sjøsjuke. Langs trappene hadde mannskap stilt seg opp med spyposar, og det var mange som fekk bruk for dei. Eg veit ikkje kven av mannskapet som først kom på det. Brått berre stod dei der. Og når passasjerane hadde teke plass i livbåtane, fekk dei tilbod om vatn og ein matbit. Det var slikt som løyste opp, fortel sikkerheitssjefen.

Informerte

Eliassen fortel at dei heile tida la vekt på å informere passasjerane så godt råd var.

— Vi fortalde dei alt vi visste. Kor mange fartøy som var kring oss, kva vi jobba med for å redde situasjonen, kor tid helikopteret var ventande. Eg trur det var veldig viktig for dei.

— Er det ein helt i maskina i dag som greidde å få motorkrafta tilbake?

— Heile mannskapet gjorde jobben sin til punkt og prikke. Men eg skal seie det var glade og sveitte gutar som var i maskina då eg kom ned der i sju-tida om morgonen.