Ingen parti som BT har snakka med trur det vert vanskeleg å finna plass til Ringeriksbana og Vossebana, dersom det vert noko av samferdslelyftet som regjeringa har lova.

Opposisjonen på Stortinget lovar dessutan minst like sterk satsing på samferdsle i dei komande 10 åra som regjeringa.

– Vår jernbanepolitikk går ut på å rusta opp eksisterande baner til å tola 200 kilometer i timen. Der kjem Ringeriksbana inn som ei naturleg opprusting og innkorting av Bergensbana, seier Per Sandberg (Frp), leiar i Stortingets transportkomité.

Frp tek Vossebana i same slengen, der ny tunnel gjennom Ulriken er det den feitaste biten. Med partiet sitt planlagde infrastrukturfond på 300 milliardar kroner er det ikkje noko problem.

Greitt for Høgre Høgre er og klar til å sikra Ringeriksbana og Vossebana plass i det gode selskap i NTP. Partiet har rett nok engasjert seg sterkt i utviklinga av ei høgfartsbane der vegen til Bergen går over Kongsberg og Numedal.

– Men vi har ikkje bunde oss til dette, understrekar samferdslepolitisk talsmann Øyvind Halleraker. Høgre kan leva med at Ringeriksbana vert bygt som ein startetappe på framtidig høgfartsbane langs dagens trasé.

Venstres Lars Sponheim har ein klar bodskap.

– Vi har programfesta at togtida Bergen-Oslo skal ned til fire timar innan 2020. Då må sjølvsagt Ringeriksbana byggjast, Vossebana må rustast opp kraftig, og det må endå meir til.

Senterpartiets parlamentariske leiar, Rune Skjælaaen, svarar ja på spørsmålet om Ringeriksbana og Vossebana har ein naturleg plass innanfor det samferdslelyftet som statsminister Jens Stoltenberg og samferdsleminister Liv Signe Navarsete kom med for to veker sidan.

Berre til jernbane Kristeleg Folkeparti er representert med fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg i Forum nye Bergensbanen. I den grad ho står for partiet sitt syn, er både Ringeriksbana og Vossebana sikra i NTP.

SVs Hallgeir Langeland kan ikkje få repetert ofte nok at partiet gjerne brukar oljepengar på samferdsle, men berre til jernbane. Ja til Ringeriksbana og Vossebana; – og mange andre baner.

Arbeidarparti-laga i fylka og kommunane langs Bergensbana står sterkt på kravet om snarleg innkorting av reisetida Bergen-Oslo.

JERNBANEMANN: Per Sandberg lovar at Framstegspartiet vil gå for ein sikker plass til Ringeriksbana i Nasjonal Transportplan.
Lise Åserud/Scanpix