1. september klokka 08.00 rullar det første Signatur-toget ut frå jarnbanestasjonen i Bergen.

TERJE ULVEDAL terje.ulvedal@bt.noNSB har no bestemt seg for kor tid dei nye Signatur-toga skal setjast inn på Bergensbana. Datoen er fastsett til måndag 17. september. Frå om morgonen denne dagen skal to tog gå i kvar sin retning over fjellet.— Dei første månadene skal Signatur-toget følgje same rute som dagens ekspresstog. Først frå juni 2002 reknar vi med å kunne bruke krengefunksjonen på Signatur på Bergensbana. Då vil farten bli sett opp, og reisetida kan kortast ned med mellom 40 og 60 minutt, opplyser informasjonssjef Arvid Bårdstu i NSB Langdistanse. Dei reisande vil likevel merke endringar, meiner Bårdstu. - Meir komfortabelt - Trass alt er Signatur langt meir komfortabelt og stillegåande enn dei togsetta som i dag trafikkerer Bergensbana.Gjennom heile vinteren har NSB køyrd ei rekkje testar med det nye Signatur-toget på Bergensbana. Målet har mellom anna vore å finne ut om det skandaleombruste toget toler vinteren på høgfjellet.- Vintertestinga har gått svært bra, fortel informasjonssjefen.- Men det har vore veldig lite snø på fjellet i vinter?- Det er korrekt. Likevel føler vi oss trygge på at dei testane vi har gjennomført viser at Signatur også vil meistre tunge snøvintrar. Dette toget har vore ute ein vinterdag før, det har alt gått på Dovrebana ei tid. Justeringar Direktør Truls Hegrenæs i Jernbaneverket region vest stadfestar at vintertestinga av Signatur-toget på høgfjellet har vore bra. - Ein del ting må justerast, men vi har all grunn til å vere nøgde. Vi skal likevel ha in mente at denne vinteren har vore snill, og at det kan bli langt tøffare forhold andre år, seier Hegrenæs. Etter dei første planane skulle Signatur-toget alt ha rulla mellom Bergen og Oslo. Men stadige tekniske problem har forseinka oppstarten med eitt år. Mellom anna har det vist seg at akslingane på krengetoget ikkje toler det sterke trykket som blir i svingane. Utbetringa av dette er grunnen til at forseinkinga blir på eitt år.