— Vi er opptekne av at kundar og medarbeidarar skal oppleva toget som sikkert og godt, seier direktør Tom Ingulstad i NSB til Bergens Tidende.

Men han opplever ikkje dei kommentarane som er komne gjennom media som så velgrunna at NSB vil fjerna type 73, ofte omtala som Signaturtoget, frå Bergensbanen berre av den grunn.

Solid skrog

Dei små skadane på toget ved avsporinga understrekar kor robust det er. Ingulstad er ikkje trygg på at lokomotiv med eldre vogner kjem betre ut.

— Det vart gjort grundige vurderingar før type 73 vart lansert og i samband med godkjenningsprosessen i 1998-99. Togtypen har gått på Bergensbanen i åtte år utan alvorlege ulykker, presiserer Ingulstad.

Han ser likevel ikkje bort frå at nye tilhøve dei siste åra kan gje andre konklusjonar. Difor har NSB sett i gang arbeidet med nye vurderingar, samstundes som Havarikommisjonen for Transport granskar avsporinga.

— Dersom dette gir grunnlag for å revurdera bruken av togmateriellet på Bergensbanen, vil vi sjølvsagt gjera det, seier Ingulstad.

Støvsugd bruktmarknad

NSB har alternativt materiell å setta inn, men ikkje av det staselege slaget.

Dei nyaste lokomotivdregne vognene (B7) er bundne opp i kombinasjonar med dagtog og nattog på dei tre hovudstrekningane.

— Det einaste reelle alternativet til type 73 på kort sikt er B5-vogner som i dag går i rushtida inn mot Oslo. Vognene er ikkje i ein tilstand som kundane på Bergensbanen fortener, seier Ingulstad.

B5 høyrer til generasjonen før B7. Vognene er nedslitne og gir ikkje høve til godt serveringstilbod.

I perioden fram mot 2010 skal B5-vognene gjennomgå eit stort oppdraderingsporgram. Når det er gjennomført, kan omdisponering av nyoppussa vogner til Bergensbanen vera eit alternativ.

— Kva med å kjøpa inn frå utlandet?

— Vi har reist rundt i Europa for å finna gode, brukte vogner. Passasjertrafikken veks i det sentrale Europa, og marknaden er «støvsugd» for alt kurant materiell.

Lite utval

— Og nytt?

— Så langt vi veit, vert det ikkje laga passasjertog som er spesialtilpassa krevjande høgfjellstrekningar. I alle fall ikkje tog som skal gå fort, ha høg komfort og samstundes eventuelt operera som brøyteutstyr. Det reelle alternativet til type 73 er nok lokomotiv El 18 med oppgraderte B5-vogner eller B7-vogner.

— Kor mykje må du betala for eit nytt tog i dag?

— Eit nytt togsett kostar rundt 80 millionar kroner. Eit lokomotiv får du for mellom 20 og 30 millionar kroner, og kvar passasjervogn kostar litt under 10 millionar kroner. Oppussing av gamle vogner vil kosta frå to til fem millionar kroner avhengig av kva tilstand dei er i.

— Har NSB økonomiske musklar til slike lyft?

— Vi har nok lokomotiv, og heile vognparken vår skal oppgraderast. Difor er ikkje dette i første rekke eit økonomisk spørsmål. Det handlar meir om å finna løysingar som kombinerer tryggleik med det kundane etterspør, seier Tom Ingulstad

Arne Hofseth