— Eit stort vonbrot. Ei liberalisering ville gitt positive utslag i Hardanger og Sogn, seier Venstre-leiar Lars Sponheim, som var blant forslagsstillarane.

— Trist, seier siderprodusent Nils J. Lekve i Ulvik. Han må no fjerna bileta av flasker med sider-etikett på internettsidene sine.

— Endringane trør Vinmonopolet si særstilling for nære. Difor kunne dei ikkje vinna fram, seier saksordførar Rune Skjælaaen, Sp, Hordaland.

Både Sponheim og Lekve stiller seg kritiske til Senterpartiet som på fylkesårsmøtet i Hordaland tok godt imot lovforslaget. Skjælaaen ville slå eit slag for fruktbøndene og bad sjølv om å få vera saksordførar.

— Senterpartiet har tydelegvis møtt motstand hjå regjeringspartnarane, og måtte bøya av, kommenterer Sponheim overfor Bergens Tidende.

— Kan det vera at du som tidlegare statsråd visste utfallet, og lokka Sp i ei felle framfor kommunevalet?

— Nei, som tidlegare statsråd fekk eg liberalisert lova så langt det let seg gjera med KrF i regjeringa. No var tida inne til å gå eit seg vidare. Men så viser det seg at ikkje ein gong Senterpartiet er med, seier Sponheim.

Han er slett ikkje lei seg for at Venstre dermed har fått gode poeng i den lokale valkampen.

Lovframlegga vart kontant avvist av regjeringspartia og KrF. Venstre fekk støtte frå Høgre på eitt av framlegga, og frå Frp på fleire.

For å koma siderbøndene ørlite i møte, opnar fleirtalet for sal av avalkoholisert sider, på styrke med pilsnerøl.

— Slikt er ikkje skikkeleg sider. Meiner dei at vi skal vatna han ut? spør Lekve.

Dei ulike framlegga:

  • Siderprodusentane skal ha lov til å informera om produkta på sine eigne nettsider, slik Vinmonopolet har høve til.
  • Avvist mot røystene til Venstre, Høgre og Frp.
  • Automatisk rett til prøvesal gjennom Vinmonopolet sitt distribusjonsnett.

Avvist mot røystene frå Venstre og Frp.

  • Høve til demonstrasjonssal ved (turist) besøk på siderfabrikken.

Avvist mot røystene til Venstre, som ville tillata sal av inntil ein liter, og Frp (inga avgrensing).

  • Fritak for alkoholavgift for dei første 4000 liter i årsproduksjon.

Avvist mot Venstre sine røyster.