Når den nye ekteskapslova trer i kraft 1. januar 2009, får lesbiske par rett til assistert befruktning på lik linje med heterofile. Sædbanken i Haugesund forventar auka etterspørsel etter edle dropar.

— Den nye lova vil heilt sikker føre til at vi får eit større behov for donorar, men det er vanskeleg å vite kor mange lesbiske som vil ta kontakt. Om vi ikkje klarer å rekruttere nok norske, er det aktuelt med sæd frå utlandet, seier Torolf Holst-Larsen, overlege ved Haugesund fertilitetssenter.

Donorsæden blir frosen ned, og tint opp igjen for å hjelpe ufrivillig barnlause på heile Vestlandet. Kvart år blir det fødd mellom 50 og 60 donorborn.

— Vi klarar å levere, men har ikkje akkurat så mykje å gå på. Blir det større pågang, får vi ei stor utfordring, seier Marit Elise Mølstre, bioingeniør ved Sædbanken i Haugesund.

Søkjer hjelp i Danmark

Med støtte frå sosial og helsedirektoratet har Sædbanken i Haugesund byrja å sjå seg om etter utanlandsk sæd. Den norske marknaden vil ikkje åleine klare å tilfredsstille etterspørselen, trur dei.

— Vi arbeider med å få importere ikkje-anonyme donorar frå Danmark. Dette arbeidet er så godt som klart, vi ventar berre på datatekniske løysingar og ei formell godkjenning frå helsedirektoratet, seier Mølstre.

I første omgang er det dansk sæd som skal bidra til folketalsutviklinga på Vestlandet, men på sikt kan også andre europeiske land bli aktuelle.

— Sverige har ikkje så mykje å avsjå. Det spesielle med Danmark er at det er private bedrifter som driv sædbankar, dei har godt utval både av anonyme og opne donorar. Vi har hatt kontakt med to sædbankar i København som kan levere til oss, seier Mølstre.

Kan ikkje velje donorland

— For å sikre nok sæddonorar anbefaler vi sædbankane å leggje til rette for import av sæd frå Danmark eller andre land. Eit av krava er at det blir utarbeida gode rutinar for å sikre at sædgjevar er identifiserbar, seier Ragnhild Castberg, avdelingsdirektør i helse og sosialdirektoratet.

Paret som ønskjer assistert befruktning skal bli informert om kva land sæden kjem frå, men kan ikkje velge fritt.

— Legen prøver å finne ein best mogleg match basert på høgde, augnefarge og hårfarge til far, seier Mølstre.

Ho trur ikkje importen vil by på problem.

— Dette blei jo gjort før vi fekk eigen sædbank i Noreg. Skilnaden no er at donor ikkje er anonym.

Utan tilbod til minoritetar

I dag er det 17 donorar å velje mellom i Haugesund. Handel på den europeiske marknaden skal sikre større sædmangfald. I dag er sædceller frå etniske minoritetar mangelvare.

— Per dags dato er det berre nordiske donorar vi kan tilby. Vi kunne tenkt oss eit større utval både i forhold til etnisitet, høgde, augnefarge og hårfarge, seier Mølstre.

Også landets andre sædbank, Rikshospitalet i Oslo, vurderer å søkje hjelp i utlandet.

— Akkurat no er tilgangen på donorar tilfredsstillande, men om eit halvt år vil behovet truleg bli større. Vi skal halde fram med å annonsere etter norske donorar. Om behovet blir veldig stort, vil vi importere, seier Peter Fedorcsak, seksjonsleiar ved Kvinneklinikken på Rikshospitalet.

Synspunkt? Diskutér saka her!

Aksel Øye