Ho får fylgje av SV og Ap. Dei tre partia er svært kritiske både til innhaldet i framlegget og ikkje minst framgangsmåten som statsråd Victor D. Norman har fylgt i saka.

Dei tre partia vil med Kleppa si dobbeltrøyst, ha fleirtal i komiteen.

Talsmenn for alle tre partia gjer det klart at det må bli opne høyringar om innhaldet i forslaget når komiteen skal behandle det. Dei vil kalle inn både norske og svenske ekspertar. Etter at statsråd Norman presenterte lovframlegget har det kome fram opplysningar som talar sterkt imot framlegget, meiner dei.

— Først må vi ha ein grundig gjennomgang av om vi i det heile bør behandle denne saka nå på det grunnlaget som ligg føre, seier Magnhild Meltveit Kleppa til Bergens Tidende.

— Seinast denne veka har den svenske statsministeren sagt at han angrar på at han provoserte fram endringar i arbeidslivslovgjevinga i Sverige som organisasjonane ikkje var fortrulege med. Eg har også merka meg at professor Steinar Holden, som leidde lønsfastsettingsutvalet, har reagert på at regjeringa har brukt han på ein måte som han ikkje kan akseptere, legg ho til.

— Vi er heilt samd med Kleppa i at saka bør sendast tilbake, seier både SV-representant Heikki Holmås og Karl Eirik Schjøtt-Pedersen (Ap) til BT.

Heikki Holmås trekker fram ein fersk rapport frå Sverige som har analysert verknaden av midlertidige tilsettingar:

— Ifylgje denne rapporten fører ei lovgjeving som opnar for midlertidige tilsettingar til at fleire blir tilsett midlertidig, men ein får ikkje fleire arbeidsplassar. Derimot går folk ned i løn. Dette viser også ferske rapportar frå EU-kommisjonen.

Venstres May Britt Vihovde, avviser innvendingane:

— Vi meiner midlertidige tilsettingar vil gje lettare inngang til arbeidslivet for unge og folk som har vanskar med å kome i arbeid i dag. Vi trur det vil skape fleire arbeidsplassar. Dessutan vil det vere mangel på arbeidskraft på 10-15 års sikt.