Dette er noko av det som dei seks sørlegaste fylka i landet krev av samferdsleminister Liv Signe Navarsete. Eit felles opprop underteikna av dei sek fylkesordførarane i Hordaland, Rogaland, Telemark, Aust— og Vest-Agder og Vestfold skal leggja press på samferdslestatsråden når ho over ferien startar arbeidet med å utforma regjeringa si innstilling til Nasjonal Transportplan 2010-2019.

Det skjer ikkje ofte at såpass ulike fylke som Hordaland og Vestfold finn saman i eit felles krav til samferdsleministeren.

Det som bind dei to saman er transportkorridorane, først og fremst den over Haukeli. E134 med grein til Larvik kan vera eit naturleg val for transportar frå Vestlandet til Kontinentet. Men då må vegen dit få ein betre standard enn han har i dag.

Prosjektfinansiering

— Vi har dyrka det vi har vore samde om. Då trur vi resultatet vert godt, seier Erling Dahl, som har vore ei drivande kraft bak dette fellesoppropet. Dahl representerer Frp og er leiar i hovudutval for infrastruktur i Telemark fylkeskommune.

— Vi starta for litt over eitt år sidan med å samla hovudelementa i denne fellesfråsegna. Først og fremst stamvegar og jernbaner som kryssar fylkesgrenser og bind regionar saman. Det er semje om at vi treng nye måtar å finansiera vegar på. Klatting over statsbudsjettet må vi få slutt på. Prosjektfinansiering er ei mykje betre løysing, og offentleg-privat samarbeid, OPS, seier Dahl.

30 prosent av folket

Han minner om at dei seks fylka har 30 prosent av innbyggjarane i landet. Dermed må eit felleskrav frå dei seks vega tungt når samferdslepolitikken for dei neste 10 åra skal utformast i Stortinget til vinteren, meiner Erling Dahl.

Dei seks fylka vil utover hausten og vinteren arbeida for å gjera oppropet kjent og driva propaganda for krava både lokalt og overfor sentrale styresmakter.

Fylkesordførarane som har underteikna oppropet er: Hordaland: Torill Selsvold-Nyborg, KrF; Rogaland: Tom Tvedt, Ap; Telemark: Gunn Marit Helgesen, H; Aust-Agder: Laila Øygarden, Ap; Vest-Agder: Thore Westermoen, KrF; Vestfold: Per-Eivind Johansen, H.

Synspunkt? Diskutér saka her.