• Eg kan ikkje begripe at det spelar noko stor rolle om eg kallar folk for Per eller Pål, seier Åsne Seierstad til Bergens Tidende.

Ho er overraska over den harde kritikken mot bruken av dekknamn frå Bagdad.

— I Aftenpostens reportasjer endra eg namnet i fem tilfelle, fordi personane kom med kritikk mot regimet, noko som kunne vere farleg for dei. Dette var Aftenposten klar over, utan at dei greip inn og fortalde at så hadde skjedd, seier Seierstad. Ho seier at ho ikkje visste at Politiken hadde så klare reglar på dette feltet.

— Eg kunne sjølvsagt fortald at namna var endra, det ville ikkje vore noko problem for meg. Men eg tenkte ikkje over at det kunne ha noko betydning, seier krigsreporteren.

Seierstad heldt seg stort sett til å bruke fornamn på vanlege irakarar ho snakka med.

— Det i seg sjølv var jo ei anonymisering. Eg trur alle lesarar skjønte at reportasjene var skrivne under forhold der Saddam Husseins regime kontrollerte alt som kom ut, at ingen kunne gå ut med open kritikk, og at namn dermed var endra, seier Seierstad.

Ho tek Nils E. Øys kritikk «til etterretning».

— Men han skal vite at det er noko heilt anna å vere ute i felten medan bombene fell enn å sitje på eit redaktørkontor i ettertid. Sjølvsagt skal det vere retningslinjer i pressa, men eg hadde også veldig mange andre ting å tenkje på, seier Seierstad