VIDAR YSTAD

I fleire veker har Administrasjonsdepartementet nekta å gje innsyn i eit dokument om kva som skal skje med den elektroniske postjournalen for regjeringskontora. Postjournalen, som inneheld oversyn over all inngåande og utgåande post til departementa og mange direktorat, har i fleire år vore elektronisk søkbar.

Nøkkelen til kontroll

Sjølve postjournalen er nøkkelen til å kunne føre kontroll med aktiviteten i forvaltninga. Systemet med elektronisk postjournal er ei prøveordning der opp mot 100 avis— og etermedieredaksjonar har fått tilgang til søke etter dokument.

Administrasjonsdepartementet har vedteke å legge ned dagens prøveordning frå årsskiftet. Det er sagt at ein ønskjer å etablere ei permanent ordning som også blir opna for publikum. Men det er mange problem knytta til ei slik omlegging, både kapasitetsmessig, teknisk og juridisk.

Presseorganisasjonane og brukarane har hatt sterke innvendingar mot ei omlegging som vil svekke det verktøyet ein i dag har for innsyn og kontroll.

Nekta innsyn

Samstundes har det vore svært vanskeleg å få klarlagt korleis saka utviklar seg i forvaltninga. Etter eit oppvaskmøte i juni greip Norman inn for å prioritere arbeidet med ny postjournal.

Bergens Tidende bad difor i juli i år om innsyn i fleire dokument som gjeld framtida for den elektroniske postjournalen. Dei fleste fekk vi innsyn i. Men eit dokument merka «forslag til beslutninger ved prøveperiodens utløp», var det blankt nei til. Det vart grunngjeve med at dette var eit internt arbeidsdokument.

Bergens Tidende klaga saka inn for Sivilombodsmannen. Ombodsmannen tok opp saka, men departementet har stått på sitt. Så seint som i brev av 26. august, slo departementet fast at det «fortsatt er grunnlag for å unnta dokumentet fra innsyn». Men då Sivilombodsmannen på ny bad departementet grunngje og forklare kvifor det var behov for å nekte innsyn, snudde departementet heilt om.

- God illustrasjon

— Dette er ein god illustrasjon på dei haldningane ein finn i mange offentlege organ og ein illustrasjon på korleis dagens lovtekst fungerer. Det viser at det er behov for å endre lova, seier Nils Øy i ein kommentar til Bergens Tidende. Han er generalsekretær i Norsk Redaktørforening og ekspert på offentleglova.

— Dokumentet oppfyller dei tekniske krava for å kunne gå inn under omgrepet «internt dokument». Men det inneheld klart nok ikkje opplysningar som det er «sakleg og naudsynt» blir unnateke frå innsyn. Den einaste skadeverknad eg kan sjå av å offentleggjere dokumentet, må vere at det viser kor seint ein arbeider med postjournalsaka i departementet. Eg vil gjerne sjå den som vågar å argumentere for at det er eit omsyn det er verd å verne, seier Øy.