– Det finst ingen lysande leiarstjerne som er den opplagte statsministerkandidaten på borgarleg side. Vi går ikkje til val med Erna Solberg som statsministerkandidat, seier Venstre-leiar Lars Sponheim.

– Selje skinnet

KrF-leiar Dagfinn Høybråten er like klar:

– Den diskusjonen tek vi etter valet. For meg er det som å selje skinnet før bjørnen er skoten.

– Heilt annleis var det i 2005 då vi hadde Kjell Magne Bondevik som statsminister. Vi kunne ikkje gått til val med nokon annan. Det er heilt useriøst å hevde at vi kunne ha gått til val med ein annan statsministerkandidat den gongen, seier Spon-heim.

Han seier at det mest realistiske alternativet til ei Stoltenberg-regjering er ei regjering av Høgre, KrF og Venstre.

– Alternativet er ei mindretalsregjering leia av Stoltenberg, seier han.

– Meir enn nok

– Eg har lenge meint at så lenge Høgre opnar for eit regjeringssamarbeid med Frp, så verkar det til å øydeleggje utsiktene for å få til eit regjeringsskifte. Det er eit vanvittig mange fleire som ikkje ønskjer Frp i noka som helst regjering enn dei som måtte ønskje ei slik regjering velkomen.

Sponheim minner om dei politiske realitetane bak Bondevik II-regjeringa: Både KrF og Venstre meinte den regjeringa førde meir enn nok høgrepolitikk.

– Høgre må finne seg i at KrF får seie klart ifrå at det finst andre verdiar enn pengar, og at Venstre får markere at miljø og klima er avgjerande for oss. Det fører heilt gala av stad å skulle nekte oss slike markeringar, seier Sponheim.

– Venstre vart invitert inn som gjest, og deltok ikkje i kraft av parlamentarisk styrke, med våre to representantar. Ei ny samarbeidsregjering er avhengig av eit balansepunkt der KrF og Venstre samla er om lag jamnstore med Høgre. Det trur eg det også er mogeleg å oppnå dersom både KrF og Venstre kan kome opp mot 9–10 prosent ved valet.

– Klar tale

Sponheim slår fast at dei ønskjer å drive valkamp om politikk, ikkje om personspørsmål.

– Kvar gong vi har teke makta frå Ap, har vi gjort det på politikken, utan å ha statsministeren klar. Vi er blitt samde etter-på, seier Høybråten.

Han reagerer på Erna Solberg sitt utspel om å dempe den politiske profileringa, slik ho gjorde i Aftenposten måndag.

– Klar tale skadar ikkje samarbeidet. Klar tale er tvert om godt grunnlag for samarbeid. Høgre bør akseptere at eg talar klart på KrF sine vegner, seier Høybråten.

– Må tenkje lenger

KrF-leiaren har skrive bok og teke eit oppgjer med ei samfunnsutvikling som er meir og meir prega av pengar og mark-nadstenking.

– Høgre har, etter førre stortingsval, teke eit oppgjer med biletet av «kalkulator-Høgre». Det er eg glad for. Eg trur verdi-konservative i alle parti ser verdien av eit samfunn som ikkje einsidig er oppteken av pengar. Vi må tenkje lenger. Erna har fått eit eksemplar av boka mi. Eg vonar at ho vil ta seg tid til å lese boka, seier Dagfinn Høybråten.

Vil Erna Solberg bli ein god statsminister? Diskutér.