Tidlegare denne veka avgjorde Justisdepartementet at sjefsjobben skal kunngjerast på ny etter at det berre hadde meldt seg ein søkar, ein yngre spesialetterforskar i etaten.

Sefland vil sjølv ikkje svare på kvifor han ikkje vil halde fram i jobben.

Det er fleire grunnar til at det kan vere lite attraktivt å søke denne jobben. Fleire av dei siste sjefane er blitt handplukka utanom søkjarlista. Fleire av sjefane har også måtta gå i vanære utan at perioden deira var ute. Men så er det også ein yttarst krevjande og utsett jobb.

Eit «ormebol»

Overvakingspolitiet, eller Politiets Sikkerhetstjenste (PST) som det nå heiter, blir karakterisert som «eit ormebol» av folk som kjenner miljøet.

I dei siste vekene har den hovudtillitsvalde i PST rykka ut i pressa med kraftige støtteerklæringar til Sefland. Slikt er eit særsyn og kan lett oppfattast som ei «dødskyss»: Eit hurra frå tenestemenn i politiet til ein politisjef, blir ofte oppfatta som eit ja til ein veik leiar som gjev tenestemennene fritt spelerom. Slik var innlegget neppe meint, men verknaden kan vere den motsette av føremålet.

«Villhestar»

I 1997, under dei opne høyringane i Stortinget om dei hemmelege tenestene, fortalde tidlegare mangeårig overvakingssjef Jostein Erstad, at POT husa fleire «villhestar». Med det meinte han at det fanst fleire personar i etaten som opererte på eiga hand og ikkje let seg styre.

Det er vel kjend, både frå teori og praksis, at lukka miljø lett utviklar uheldige haldningar og «subkulturar».

Det var difor ikkje tilfeldig at Fostervoll-utvalet, som i 1990 vurderte den framtidige organiseringa av overvakingspolitiet, gjekk inn for å innføre åremålsstillingar for alle tilsette i POT. Erstad var ein av dei som gjekk inn for dette. Det gjorde han medan han sat som sjef i POT.

«Innenfor en lukket krets kan det oppstå holdninger som verken deles eller aksepteres av omverdenen. En kan heller ikke se bort fra at overvåkingspersonell med meget lang tjeneste kan bli hengende igjen i fortidens problemstillinger og se trusler hvor slike ikke lenger finnes,» heitte det i tilrådinga.

Slikt blir ein ikkje populær for internt. Dessto større respekt står det av eit slikt standpunkt som det Erstad tok.

Intrigar og maktkamp

Mange med god kunnskap om forholda i PST, fortel til BT at tida med villhestar ikkje er over.

PST har i lang tid også vore prega av intrigar og maktkamp. I fjor sommar vart nestsjefen, Stein Vale, skvisa ut. Han forlet sin post til fordel for eit vikariat som tingrettsdommar i Drammen. Han vart erstatta av Trond Egil With, bror av statssekretær Odd Anders With i Barne— og Familiedepartementet.

Saman med Vale forsvann 13 av i alt 16 avdelingsleiarar etter at Sefland hadde bestemt at alle, med unntak av han sjølv, måtte søke jobbane sine på ny.

Nyleg opplevde PST-sjefen det forsmedelege at riksadvokaten først underkjende dei juridiske vurderingane PST hadde gjort som grunnlag for siktinga mot mulla Krekar. Deretter tok riksadvokaten saka ut av hendene til PST og overlet ho til Økokrim.

SØKJER IKKJE: Justisdepartementet har bestemt at sjefsjobben skal kunngjerast på ny etter at det berre hadde meldt seg ein søkar. Noverande overvakingssjef Per Sefland vil ikkje halde fram.