Det er databasen SIS — Schengen Information System - som ifølgje Kripos allereie har vorte eit nyttig arbeidsreiskap for politiet. Databasen inneheld etterlysingar frå politiet i alle Schengen-landa, og vart tatt i bruk av norsk politi 1. januar 2001.

Den gigantiske databasen inneheld opplysingar om 1,2 millionar personar som er etterlyst i Europa. Både illegale innvandrarar, forbrytarar, rømlingar og sakna personar blir lagt inn i systemet.

Valdsmenn og narko

I fjor fekk norsk politi 302 treff ved å sjekke personar opp mot SIS. 12 av desse var kriminelle som var etterlyst av politiet i andre land. To personar var etterlyst av norsk politi. Politiet i dei andre Schengen-landa pågreip i tillegg 12 personar som var etterlyst gjennom SIS av norsk politi.

— Det er snakk om folk som er sikta for grov kriminalitet: Narkotika-brotsverk, menneskesmugling, grov vald eller økonomisk kriminalitet, seier politiavdelingssjef Pål Inge Brekken i Kripos.

Holmlia-drapsmann tatt

Drapsmannen Joe Erling Jahr, som var på rømmen etter å ha tatt livet av 15 år gamle Benjamin Hermansen på Holmlia, er ein av dei som vart fanga i SIS-garnet. Han vart rutinemessig sjekka av dansk politi då han ikkje hadde pengar til billett på eit lokaltog i København. SIS-databasen fortalde at nynazisten var etterlyst for drap.

Også den svindel-sikta bankfunksjonæren Tore Kirkemo fekk merke SIS-effektiviteten. Han forsynte seg med 2,7 millionar kroner frå arbeidsgjevaren sin, Postsparebanken, før han forsvann sporlaust i august i fjor. I januar vart han arrestert på toget frå Ungarn til Østerrike, der SIS fortalde grensekontrollørane at han var etterlyst.

Stoppa dansk sex-forbrytar

Her i Noreg vart ein notorisk dansk sexforbrytar tatt på toget frå Sverige til Oslo i juni i fjor. 45-åringen var på rømmen frå ein psykiatrisk institusjon då han vart tatt etter ein rutinekontroll på Oslo S.

— Vi er spesielt godt nøgde med resultata når det gjeld etterlyste kriminelle, seier politiavdelingssjef Brekken, som leiar det norske kontoret med ansvar for SIS.

Alle politidistrikt kan gjere søk i SIS.

— Systemet blir enno ikkje utnytta maksimalt rundt om. Vi kan bli flinkare både til å registrere etterlysingar og til å gjere søk i basen, seier Brekken.

79 norske bilar attfunne

Til saman innheld SIS meir enn 10 millionar etterlysingar. Dei aller fleste gjeld identifikasjonspapir som er på avvegar, for eksempel pass. I tillegg kjem bilar, våpen og visum-papir.

79 etterlyste norske bilar dukka i fjor opp i andre europeiske land ved hjelp av SIS. 42 utanlanske stolne bilar var funne her i landet.