Det var under ein pressekonferanse etter sentralstyremøtet i Kristeleg Folkeparti i går at partileiaren kom med dei infamøse utsegnene.

«Varme og omsorg»

Partiet skulle presentere valkampopplegg. I staden var det den påståtte valdtektssaka mot fylkesvaraordførar Jan Birger Medhaug som fanga interessa.

BT reiste spørsmålet om korleis den varme og omsorg partiet seier skal prege valkampen, har kome Jan Birger Medhaug til gode.

Partileiaren svara at «i partileiinga har vi tenkt mykje på korleis han har hatt det». BT konfronterte så partileiaren med at ingen i partileiinga har teke seg bry med å kontakte Medhaug etter at saka kom opp, slik han har opplyst.

Usant frå Medhaug?

— Det er ikkje sikkert det er sant, det han seier, repliserte Haugland.

Nestleiar Einar Steensnæs greip så inn og ba om respekt for at saka blir behandla av KrF i Rogaland.

På vidare spørsmål hevda Haugland at ho har hatt kontakt med Medhaug, men ho avslo bestemt å svare på spørsmål om når og korleis det har skjedd.

— Kva er grunnen til at du ikkje vil svare på når du hadde kontakt med Medhaug?

— Det har eg ingen kommentarar til.

Haugland ville heller ikkje kommentere konsekvensane av sine eigne utsegner nå som har som nærliggande effekt at truverdet til Medhaug blir svekka.

Krev svar frå KrF-leiaren

— Eg er forundra over Haugland sine utsegner.

Dei verkar til ei tilspissing av saka. Det er heilt uakseptabelt av henne å ikkje ville tidfeste desse påståtte samtalane og kontaktane som skal ha skjedd. Eg krev at ho kjem fram med desse opplysningane: når og korleis har ho hatt kontakt med Medhaug. Det seier advokat Bjørn O. Vikse som representerer Medhaug, til Bergens Tidende.

Vikse seier at det etter hans kunnskap berre har vore ein kort samtale mellom Haugland og Medhaug. Det var laurdag 28. juni. Då ringte Haugland til Medhaug «for å etablere kontakt».

Ho opplyste samstundes at ho skulle på ferie, men utan at det var snakk om valdtektsskuldingane. Medhaug fortalde sjølv om denne telefonkontakten til pressa dagen etter.

— Sidan har det ikkje vore kontakt mellom Haugland og Medhaug, etter det eg kjenner til. Derimot kunne eg i går lese, med bistandsadvokaten som kjelde, at Haugland etter møte med kvinna 18. juni, har hatt fleire telefonsamtalar med kvinna, alle etter initiativ frå Haugland. Eg stussar over dette, når ho ikkje har funne grunn til å snakke med Medhaug. seier Vikse.

Vonar på Rogaland KrF

Om sjølve saka viser KrF-leiinga nå berre til at saka ligg til behandling i KrF sitt fylkesstyre i Rogaland. Saka kjem opp der måndag.

— Vi vonar at fylkesstyret vil legge saka død, erklærte Steensnæs.

Partileiinga ville i går ikkje svare på om dei meiner at avgjerda om fylkesordførarkandidat er endeleg avgjort. Leiinga ville heller ikkje svare på kva konsekvensar partiet ventar seg ved valet om utfallet av behandlinga i Rogaland KrF blir at partiet går til val med Medhaug som fylkesordførarkandidat.

Første nestleiar Einar Steensnæs, som sjølv er frå same distrikt som Medhaug, har ikkje uttale seg om Medhaug-saka tidlegare. I går stilte han seg heilt bak partileiar Valgerd Svarstad Haugland si handtering av saka.

— Spesielt gjennom den pressemeldinga som vart sendt ut, erklærte Steensnæs.

fakta/medhaug-saka

    1. juni vedtok fylkesstyret i Rogaland KrF å sparke fylkesvaraordførar Jan Birger Medhaug som sin kandidat til fylkesordførarposten. Bakgrunnen var at Medhaug var under etterforsking for ei påstått valdtekt som skulla ha skjedd for 10 år sidan.
      1. juli vart saka mot Medhaug lagt vekk av politiet av mangel på bevis.
      • Partileiar Valgerd Svarstad Haugland greide likevel å halde trykket mot Medhaug oppe ved å slå fast at avgjerda til politiet ikkje innebar at Medhaug trong vere uskuldig. Utsegna vekte enorme reaksjonar og partileiaren måtte seinare gå tilbake på formuleringane.
      • Sidan har saka ridd partiet som ei mare og trugar med å øydelegge valkampen.
      • Medhaug har på si side klaga politiet si avgjerd inn for statsadvokaten. Han vil ha saka lagt vekk som «intet straffbart forhold».
      • I går tråkka Haugland til på ny.
      SÅR TVIL: Det var under ein pressekonferanse etter sentralstyremøtet i Kristeleg Folkeparti i går at partileiar Valgerd Svarstad Haugland kom med dei infamøse utsegnene i Medhaug-saka. <p/>FOTO: SCANPIX