Nestleiaren i Frp seier han er «meir skeptisk enn majoriteten i forhold til slike sanksjonar».

Utanriksminister Børge Brende (H) sa i går at regjeringa tek sikte på å slutte seg til sanksjonane som EU denne veka har varsla mot Russland. Dei vil blant anna omfatte den russiske oljeindustrien, der fleire norske bedrifter er tungt inne.— Kven tek belastninga med desse sanksjonane? Og vil dei faktisk påverke Russland på nokon måte? Vil dei gjere situasjonen i Ukraina betre? Eg er ikkje overtydd om at dette vil gjere at Russland endrar politikk, seier Sandberg.

Trur ikkje opprørarane bryr seg

Sanksjonsregimet er ein reaksjon på Russlands rolle i Ukraina-konflikten. Straffetiltaka rettar seg både mot våpeneksport, russiske bankar og utstyr til den russiske oljeindustrien.

Sandberg kjøper ikkje utan vidare utanriksministerens påstand i ei pressemelding onsdag om at «tunge utenrikspolitiske hensyn tilsier at Norge slutter seg til» EUs sanksjonsregime.

— Eg trur ikkje opprørsgruppene i Ukraina på nokon måte bryr seg om at EU innfører sanksjonar mot Russland. Eg trur det kan finnast andre vegar til stabilitet i Ukraina, seier Frp-nestleiaren.

Frp har ikkje bestemt seg

EU-leiarane og USA meiner Russland og president Vladimir Putin aktivt fyrer opp under borgarkrigen i Ukraina, blant anna med våpenleveransar til pro-russiske opprørarar.

Målet med å straffe Russland økomisk er å presse Putin over i eit anna spor. Per Sandberg stiller spørsmål ved analysen.

— Kva om Russland og Putin ikkje har den store kontrollen over desse opprørsgruppene? Kva blir da konsekvensane? Sanksjonar kan gjere vondt verre, seier Sandberg. Han meiner konflikten berre har tilspissa seg etter at dei første sanksjonane kom på plass, og tek det som eit dårleg teikn.

Han understrekar at stortingsgruppa til regjeringspartiet Frp ikkje har konkludert i spørsmålet om det er rett av Noreg å innføre nye sanksjonar.

— Det er mogleg at dei andre stortingsgruppene har konkludert. Vi i Frp har i alle fall ikkje gjort det, seier Sandberg.

Vil ha brei forankring

Statoil er eitt av dei norske selskapa som er eksponert i Russland, blant anna gjennom eit samarbeid med oljegiganten Rosneft. Dei har ennå ikkje konkludert i spørsmålet om kva sanksjonane får å bety for dei.

I DN onsdag kritiserte sjefen ved skipsverfet Kimek i Kirkenes sanksjonsplanane. Han fryktar at "tiår med god samarbeid med Russland kan bli ødelagt over natten".

Sandberg sit i utanriks- og forsvarskomiteen på Stortinget, og har alt drøfta saka med sine partifeller der.

— Eg snakka også med Børge Brende onsdag. Vi må ha ein breiare diskusjon rundt dette spørsmålet, både i Noreg og på Stortinget, seier Sandberg.

Utanriksministeren har varsla at han vil konsultere Stortinget før regjeringa konkluderer endeleg. Det vanlege vil vere at det skjer gjennom ei orientering i den utvida utanriks- og forsvarskomiteen.

— I denne situasjonen tolkar eg utanriksministeren slik at saka skal forankrast breiare i Stortinget, seier Sandberg.

- Korleis kan ei slik breiare forankring sjå ut?

— Det kan vere gjennom ei utgreiing frå utanriksministeren, med ein debatt der Stortinget får lagt fram sitt syn, seier Sandberg.