Regjeringa fekk brei tilslutning til innhaldet i krisepakka som finansminister Kristin Halvorsen (SV) presenterte for Stortinget i dag. Opposisjonspartia stilte seg bak framlegga.

Men etter at stortingsdebatten var over, skjedde det som ofte skjer: opposisjonen skjerpa tonen og forlangte meir.

Les meir: Den neste pakka er viktigare, meiner ekspertar

NM i å vere konstruktiv

Den halvannan time stortingsdebatten om krisepakka arta seg som eit meisterskap i å vere mest mogeleg konstruktiv. Kjepphestane var stort sett parkert på båsen. Og då Halvorsen oppsummerte, slo ho fast at regjeringa er open for å diskutere justeringar med Stortinget i den pakken ho sjølv la fram. Slikt er heillt uvanleg, særleg når ein har ei fleirtalsregjering.

Ikkje eingong Frp sin finanspolitiske talsmann, Ulf Leirstein, fann grunn til å kritisere tiltaka. Han skildra framlegga frå regjeringa som «gode, fornuftige tiltak». Men han kunne ynskt seg noko meir til veg og jernbane. Og så kunne han ynskt seg skattelette til privatpersonar.

Kravet om skattelette for personar, avviste Halvorsen som lite fornuftig. Ho opplyste at rentenedsetjinga på 2,75 prosent som Noregs Bank har gjennomførd, inneber at hushalda får auka kjøpekrafta med 20 milliardar kroner i 2009. Artikkelen fortsetter under videospilleren.

Dette får Hordaland. Se listen.

Her er listen for Sogn og Fjordane

Sanner positiv

Høgres nestleiar, Jan Tore Sanner, som sjeldan let eit høve gå frå seg til å kritisere regjeringa og finansminister Halvorsen, var også svært positiv.

Han inviterte til «samarbeid og pragmatisme – ikkje spel og dogmatisme». Han slo fast at mange av tiltaka frå regjeringa er gode. Han sakna likevel tiltak som kan dempe fallet i etterspørsel hjå hushalda. Han var så raskt ute med å slå fast at Høgre er innstilt på å samarbeide og vil bidra med nye gode framlegg.

KrF sin finanspolitiske talsmann, Hans Olav Syversen, var også svært positiv og sa at KrF støttar mykje av det som nå kjem frå regjeringa. Han skulle likevel sett noko meir satsing på miljøretta tiltak. Han slo fast at arbeidsløyse er sløsing med ressursar.

Video: Hadde med seg gullkortet til Bergen Skryt frå Sponheim

Venstre-leiar Lars Sponheim slo for sin del fast at regjeringa kjem med mange gode forslag. Han la til at regjeringa har invitert til nasjonal dugnad og sa at regjeringa har vore lydhøyr overfor dei innspela dei tre opposisjonspartia Høgre, KrF og Venstre har kome med.

Sjølv hadde han ynskt at krisepakka hadde innehalde tiltak som ville hjelpe større eksportbedrifter som får lite eller ingenting gjennom dei skattetiltaka regjeringa nå kjem med.

Han understreka at dette var meint som invitasjon til samarbeid med regjeringa – ikkje som kritikk.

Etter dette kunne finansminister Halvorsen med ein viss rett oppsummere med at ingen har kritisert storleiken på krisepakka: at ein nå tek offensive grep. Ho avviste samstundes at regjeringa er seint ute med tiltak. Ho viste til at EU-landa i gjennomsnitt til nå har vedteke framlegg som har ei økonomisk ramme på 1,1 prosent av brutto nasjonalprodukt (BNP). Dei har varsla tiltak på 1,5 prosent. Tiltak som Noreg nå vil gjennomføre med regjeringa sitt opplegg, har ei ramme på 2,3 prosent av BNP.

Les også: Det er en grense for hvor mye vi kan bruke

Vi fulgte Kristin Halvorsens tale ord for ord.

Kva synest du om krisepakke til regjeringa? Sei di meining her.