VIDAR YSTAD

Randi Flesland slutta på dagen i går. Ho får med seg mellom anna eitt års lønn i samsvar med tilsetjingsavtalen. Den gav rett til tre månaders lønn i oppseiingstida og ni månaders etterløn. I fjor var årsløna 1.245.000 kroner som også inkluderer styrehonorar i dotterselskap.

Regien

I går vart direktøren for Oslo Lufthavn Gardermoen, bergensaren Nic. Nilsen, konstituert som ny sjef i Avinor.

Det vil også bli laga ein handlingsplan for bemanning i Avinor i samarbeid med flygeleiarane.

Samferdsleminister Liv Signe Navarsete (Sp) har heile tida vore fullt informert. Det opplyser styreleiar Anders Talleraas til Bergens Tidende. Navarsete stadfester dette overfor Bergens Tidende.

Dei første samtalane om eventuell avgang hadde Flesland og Talleraas alt i august. Men det var først på grunn av det aukande mediefokuset etter dei mange problema dei siste tre vekene at temaet kom på spissen, ifølgje Talleraas.

— Det beste for Avinor

Avgangen blir forklart med at det er til beste for Avinor. Avinor har nå fått eit så negativt omdøme at det vil ta lang tid å rette opp igjen respekten og tilliten til selskapet. Det er både Talleraas og Flesland samde om.

— Eg har tru på at det nå vil bli betre forhold i organisasjonen. Flygeleiarforeininga stod fast på at dei ikkje ville ha noko med Flesland å gjere. Når du skifter leiing, får du delt ut nye kort, seier Talleraas. Han meiner han kan love ei betring i trafikkavviklinga. Men framleis er flygeleiarane og Avinor-leiinga usamde om bemanningsbehovet.

Flesland avviser overfor Bergens Tidende at ho på noko tidspunkt har tilbode seg å gå av. Konklusjonen om at det var til det beste for selskapet var det Talleraas som trekte.

Og i går gjekk eit samla styre inn for det opplegget Talleraas hadde lagt. Både Flesland og Talleraas gjev nå uttrykk for at dei vonar det skal bli ro i Avinor og at alle krefter vil trekkje saman.

- Skygga for det positive

Talleraas hadde mange rosande ord å seie om Flesland, som han skildra som ein profesjonell og yttarst lojal direktør.

Men slik utviklinga har gått, var det ifølgje Talleraas ingen veg utanom denne avgangen.

— Det negativet fokuset og alle problema, skygga for alt det positive. Den kontinuerlege striden sette sitt preg på heile organisasjonen som tel 2500 tilsette. Til neste år skal vi investere mellom 1,5 og to milliardar kroner. Vi var nøydd til å skape arbeidsro. Vi måtte ha Avinor sitt beste og omsynet til flytrafikken og passasjerane for auge, seier Talleraas til Bergens Tidende.

Talleraas er også sterkt kritisk til at direktør Flesland og leiaren for flygeleiarane, Rolf Skrede, i den siste tida har barka saman dagleg for opne mikrofonar der dei har slått kvarandre i hovudet.

— Den diskusjonen skal vi ha, men den bør skje internt, seier Talleraas, som har 20 års fartstid som stortingsrepresentant for Høgre.

Let styret sitje

— Eg tek til orientering at styret tek situasjonen på alvor ved at dei skiftar leiing og vil lage ein tiltaksplan for bemanning. Eg ventar nå at styret med dei tiltak som er sett i verk, vil skape ro i organisasjonen og at flya går når dei skal, seier samferdsleminister Liv Signe Navarsete til Bergens Tidende.