Dei tre regjeringspartia har i dag til saman 285 av dei 434 ordførarane som vart valde i 2003. Av desse har Ap 170, Sp 106 og SV ni. Det utgjer 66 prosent av alle ordførarane i landet.

Samla har dei tre partia 248 varaordførarar som fordeler seg med 108 på Ap, 73 på Sp og 67 på SV.

Ambisjonane

Framfor kommunevalet har dei tre regjeringspartia kunngjort at dei har som ambisjon å få til raudgrønt samarbeid også lokalt for å gjennomføre regjeringa sin politikk også på kommuneplan.

Det stadfester partisekretærane Edle Daasvand i SV, Ivar Egeberg i Sp og Martin Kolberg i Ap.

— Vi tenkjer oss at det raud-grøne samarbeidet etter kvart skal setje spor etter seg lokalt. Det kan ta tid, men det er intensjonen. Opptakten til det skjer gjennom landsmøtet, seier Kolberg.

Dei tre partileiarane er samde om å freiste å få til fleirtalskonstellasjonar ved konstitueringa av dei nye kommunestyra, dersom det er grunnlag for det. Alle tre understrekar at det ikkje er snakk om diktat frå sentralt hald.

Kolberg seier likevel at det er «politisk høgst unaturleg å ha noko som helst med Frp å gjere. Det er ikkje vår oppgåve å kvitvaske politikken og ideologien Frp står for».

Alle tre partia har urealistiske ambisjonar om å auke talet på eigne ordførarar.

- Kan misse mange

— Det er ei høgst reell problemstilling at dei raudgrøne kan misse mange ordførarar gjennom utvida samarbeid. Det er overraskande at det har vore så lite merksemd omkring dette temaet. Dagens ordførarar er valde gjennom valteknisk samarbeid som går på kryss og tvers. Endringar her, kan gje store utslag, seier valforskar Bernt Aardal.

Partisekretær Kolberg seier han kjenner problemstillinga, men at målet er å auke talet på Ap-ordførarar frå dagens 170. Han meiner partiet ligg godt an til dette ut frå galluptala.

Verst for SV

Daasvand seier at det er naturleg at Ap får ordføraren i dei kommunane der partiet er størst, og at det tilsvarande gjeld for dei to andre partia.

Det kan bety at SV trass i ambisjonen om å vinne fleire ordførarar, tvert om misser alle ordførarane sine. For i alle dei ni kommunane der SV i dag har ordføraren, er SV-ordføraren vald i opposisjon til eller konkurranse med ein kandidat frå Ap.

Ved kommunevalet i 2003 var SV større enn Ap i 22 kommunar. Men ved stortingsvalet i 2005 var Ap større enn SV i alle kommunar.

Då er det berre direkteval av ordførar i eit 50-tals kommunar som kan gje SV von om å få ordføraren.

Berre ein av SV sine ordførarar, i Berlevåg i Finnmark, er vald med støtte frå eller i samarbeid med Ap. Derimot har SV varaordføraren i ei rekke kommunar der Ap har ordføraren.

SV-ordførarane er valde med støtte frå dei ikkje-sosialistiske partia og med det uttrykte målet å få vippa ein Ap-ordførar ut av maktposisjon. Det er til dømes tilfellet på Nesodden i Akershus, der SV fekk ordføraren medan Høgre fekk varaordføraren. Dette kan SV sjå heilt vekk frå i år.

SV fekk begge

Og i Rana kommune i Nordland fekk SV både ordførar og varaordførar med støtte frå dei borgarlege. Det same var tilfellet i Namsos i Nord-Trøndelag. I Vinje kommune i Telemark fekk SV ordføraren og Sp varaordføraren med støtte frå Høgre. Ap-ordføraren frå førre periode vart kasta. Han var tidlegare stortingsrepresentant for SV.