Programmet vekte enorm oppsikt og resulterte i ein straum av avskyreaksjonar då det vart sendt, i serien «Rikets tilstand», 4. oktober 2000. Kort tid etter vart statsstøtta til moskeen midlertidig stansa.

Gjennom advokaten sin, Leidulf Digernes, hevdar Tawfiq Islamic Senter (TIS) at programmet var ærekrenkande overfor det som i programmet vart omtala som «den somaliske moskeen».

Konserndirektør Rune Indrøy i TV2 seier i ein kommentar til Bergens Tidende at TV2 avviser eitkvart grunnlag for søksmålet.

— Tapt anseelse

Saksøkar krev nå inntil 400.000 kroner i erstatning/oppreising frå TV2. I tillegg kjem sakskostnadar.

Saksøkar hevdar at TV2 i programmet Rikets tilstand 4. oktober 2000 framsette usanne påstandar mot betre vitande. «Det vil bli krevet erstatning/oppreisning da programmet inneholder feilaktige opplysninger/besklydninger om at saksøker støtter omskjæring og at deres imam i samtale med Kadra skal ha gitt sin tilslutning til dette.

Som følge av innslaget har saksøker tapt mye av den anseelse som er nødvendig for å drive menigheten. Dette gjelder ikke bare i forhold til egne medlemmer, men også i forhold til samfunnet ellers. Bl. a. fikk foreningen stanset statstilskuddet over en periode» heiter det i stemninga.

Advokaten gjer gjeldande at TV 2 nytta den somaliske kvinna Kadra til å gjennomføre «skjulte opptak» om omskjæring. Advokaten gjer gjeldande at Kadra sjølv ikkje er omskoren og at familien heller ikkje praktiserer omskjæring.

«Massiv mobbing»

Advokaten gjer vidare gjeldande at TV 2 presenterte intervjuobjektet som imam i den somaliske moskeen, trass i at TV 2 var gjort uttrykkeleg merksam på at mannen aldri hadde hatt nokon slik posisjon. Han hadde ikkje eingong vore medlem.

«Til tross for at TV2 på forhånd ble gjort kjent med at dette var klart uriktige opplysninger, ble programmet likevel sendt» heiter det i stemninga.

Ifylgje stemninga har medlemene av trussamfunnet, spesielt dei yngre, blitt utsett for massiv mobbing etter at programmet vart sendt. Mellom anna skal unge jenter ha opplevd fornærmande tilrop frå medelevar, som spørsmål om dei er «skore i» og liknande.

Moskeen hevdar å ha som mål å arbeide mot omskjæring.

«Kriminell verksemd»

Saksøkar hevdar nå at TV 2 gjennom det aktuelle programmet har presentert ei foreining som driv kriminell verksemd ettersom omskjæring er straffbar etter norsk lov.

Saksøkar hevdar vidare at TV2 gjennom «uansvarleg journalistikk» er blitt utsett for «forhånelse og ringeakt», slik det framgår av rasismeparagrafen i straffelova.

TIS freista ifylgje Digernes å få TV2 og andre medie til å korrigere innhaldet i programmet, gjennom ei pressemelding som vart sendt ut 8. oktober 2000. Men ifylgje advokat Digernes var det ingen som tok notis av pressemeldinga, heller ikkje TV2.

At det har teke så lang tid før TIS tek rettslege steg, forklarar advokat Digernes slik: «Saken ble forsinket, dels ved at tidligere forstander har oppholdt seg lengre perioder i utlandet og dels ved at det har tatt tid å få underskrifter fra det styret som er nå.»

- Merkverdig

— Vi har fått ein del stemningar sidan vi gjekk på lufta i 1992, men dette er nok den mest merkverdige. Det er menigheten som har stemna TV2, men menigheten er ikkje omtala i programmet. Det har aldri vore hevda at styret i menigheten har tilrådd omskjæring, seier Indrøy.

Indrøy legg til at moskeen to gongar fekk tilbod om å kome til orde i programmet, men avslo.

— Heile utgangspunktet for bruk av skjult opptak var at vi hadde hatt ei rad møte med kvinner i det somaliske miljøet som fortalde om bruk av omskjæring. Mykje tydde på at råda som faktisk vart gjevne til kvinnene, avveik frå det offisiselle. Den einaste måten å dokumentere og avsløre realitetane på, var då bruk av skjult opptak, seier Indrøy.

Han viser til at Pressens Faglege Utval også støtta framgangsmåten under ei klagebehandling i ettertid.

— Av alle dokumentarprogramma vi har laga gjennom åra, er nok dette programmet det er gjort mest arbeid for å dokumentere. Vi fekk namn på 29 jenter som det var stadfest var tekne ut av landet for å bli lemlesta. I tillegg sat vi på fleire andre namn med opplysningar om det same, meiner Indrøy.

MERKVERDIG: TV 2s konserndirektør Rune Indrøy kaller dette "den mest merkverdige stevningen" han har fått Arkivfoto: Helge Skodvin