Det vart slått full alarm då politiet fekk melding om at ein far hadde leita forgjeves i to timar etter sonen sin i sjøen utanfor Tertnes skole. Dei to hadde vore ute og padla i kvar sin kajakk ved Grønskjeret då guten forsvann.

Politiet fekk melding klokka 17.12. Det vart sett inn både politibåt og helikopter i søket. I tillegg vart det leita frå land.

Faren forklarte politiet at dei to skulle padle kvar sin veg rundt ein holme.

— Det var det siste han såg til sonen, seier vaktsjef Steinar Myrseth i Hordaland politidistrikt.

Men i 17.30-tida fekk leiteaksjonen ein lykkeleg slutt, då guten kom til rette. Det viste seg at dei to berre hadde kome bort for kvarandre, og at sonen ikkje hadde vore i vatnet eller i fare på annan måte.