PER MARIFJÆREN

Det var ved 19-tida den 24. november i fjor at den 53-årige daglege leiaren for eit bilfirma etter tingrettens meining ikkje følgde godt nok med bak rattet.

På veg heimover etter eit møte med bransjekollegar i Måløy passerte han eit gangfelt i Måløy i sin store Toyota Landcruiser. Etter rettens meining var farten over 50 kilometer i timen då han trefte kvinna som var i ferd med å krysse gangfeltet i 60-sona.

I ein møtande bil — om lag 100 meter unna - kom offerets bror kjørande i bil, og vart hjelpelaust vitne til tragedien.

Som vitne i retten forklarte broren at fotgjengaren, som seinare altså viste seg å vere hans eiga søster, kryssa vegen i gangfeltet.

— Vitnet forklarte at han såg det ville kome til å gå gale då verken bilen eller fotgjengaren gjorde teikn til å ville stoppe. (...) Han såg at personen som var blitt påkjørt først vart slengt opp i lufta før ho landa på bakken litt lenger framme, står det i rettsboka frå Nordfjord tingrett.

Retten meiner at 53-åringen utan tvil har vore uoppmerksam sidan han ikkje såg henne i gangfeltet, og kan ikkje sjå andre grunnar til dødsulykka.

Straffa vart 60 dagar fengsel på vilkår. Først to månader etter ulykka vart 53-åringen fråteken førarkortet, og han fekk det tilbake tre månader seinare. Men i dommen slår tingretten fast at den daglege leiaren i bilbransjen skal misse førarkortet i to år minus dei tre månadene.