I haust er det eit år sidan Sædbanken i Haugesund opna, og i løpet av dette året har totalt 18 menn donert sine edlaste dråpar til landets andre sædbank.

Sæden blir frosen ned, og tint opp igjen for å hjelpe ufrivillig barnlause på Vestlandet. Mellom tretti og førti par i Helse Vest ber kvart år om å få slik hjelp, og fleire kvinner er no gravide takka vere donorane.

— Ingen barn er fødde enno. Dei første egga vart inseminerte like før sommaren, opplyser overlege Jon Hausken ved Kvinneklinikken i Haugesund til BT.

Jamne drypp

No treng Sædbanken påfyll. I går annonserte banken etter fleire friske menn i alderen 25-45 år.

— I Blodbanken kan du vere gjevar heile livet. Sædgjevar er du berre éin gong, seier Hausken.

— Men er det manko i Sædbanken no?

— Ikkje manko akkurat, men vi treng heile tida å kome i kontakt med nye menn som kan gje sæd, svarar Hausken.

— Dette er ikkje slikt som menn flest går rundt og tenkjer på til dagleg, og derfor går vi med jamne mellomrom ut med små drypp om at menn må hugse på Sædbanken i Haugesund.

Sæd frå éin gjevar kan brukast til å hjelpe inntil 6 barn til verda. Etter at donoren har kome til banken 4-6 gonger i løpet av ein kortare periode, har han ytt sitt.

- God sædkvalitet

Totalt 70 menn har vore i kontakt med Sædbanken sidan i fjor haust. 18 kom gjennom nålauget.

— Det kan høyrest strengt ut, men 18 er ganske mykje, det! Vi er ute etter heilt vanlege, friske menn, men sædkvaliteten må vere veldig god. Nokre menn tåler «frys» betre enn andre.

I Sædbanken i Helse Fonna finst det berre sæd frå ein ikkje-etnisk nordmann - så langt.

— Så langt har vi ikkje hatt etterspørsel etter slike donorar. Men det er vanskelegare å rekruttere til dømes muslimske og asiatiske menn, og vi har lenge tenkt på å oppsøke slike miljø, seier Hausken.

Ikkje lenger hysj

— Er det mange mytar om å gje sæd?

— Det vil alltid vil vere nokon som slenger ut ein morosam vits. Men mitt inntrykk er at dette med sæddonasjon har gått frå hysj til full openheit.

— Kva slags motiv har menn for å gje sæd?

— Å hjelpe andre - på same måte som mange ønskjer å gje blod. Ofte har dei sett at vener og kjende slit, og ser at dei kan bidra positivt, seier Hausken til BT.

ETTERTRAKTA: Helse Fonna treng fleire slik små svømmarar.
Arkiv