VIDAR YSTAD

Oslo

Med 61 mot 40 røyster går Valgerd inn i sin fjerde periode på toppen av Akershus-lista. Men mandatet er langtfrå sikkert.

Ingen av dei to kamphanane var til stades på møtet. Men Valgerd-tilhengarane måtte finne seg i å ta imot ei rad hatske innlegg retta mot den omstridde toppkandidaten som har tatt KrF til både dei største høgder og dei djupaste dalar.

— Det har gjeve meg ei lekse, sa Valgerd til nominmasjonsmøtet då ho kom til møtet etter at valet var klart.

Fekk ansvar for alt gale

I går gjorde mange av motmennene hennar Valgjerd ansvarleg for det mest av det som går gale for partiet, både for det elendige valresultatet i fjor, for manglande entusiasme og utmelding av medlemer. Det kom også klare trugsmål om at ein ikkje ynskjer å drive valkamp for partiet med Valgerd på topp.

Før det endelege resultatet var klart, vart det halde prøvevotering. Det viste 60 røyster for Valgerd og 40 for motkandidaten, Einar Holstad. To røysta blankt.

Resultatet kom trass i at både Kjell Magne Bondevik og Dagfinn Høybråten har gjeve uttrykk for at dei støtta attval av Valgerd.

Sterk misnøye

At alle som røysta på Holstad heldt fast på han ved den endelege voteringa, medan ein av dei blanke frå første omgang svinga over til Valgerd, vitnar om kor sterk misnøyen med Valgerd er og kor djup splittinga i partiet går.

Holstad-tilhengarane freista då møtet vart sett, å få gjort vedtak om å halde møtet for stengde dører: for å kunne snakke fritt og få lufta ut, utan å måtte legge band på seg, som det vart uttrykt. Men framlegget fall mot 26 røyster.

Mykje står på spel for partiet, formana fylkesleiaren, Ellen Bjørdal Nylenna. Ho gav uttrykk for at alle følte presset. Ho har vore ein av Valgerd sine sterkaste støttespelarar.

Holstad vart i neste omgang plassert på den andre-plassen han har i dag medan nominasjonsnemnda ville ha han på 4. plass, ei degradering han hadde takka nei til.

«Katastrofe»

Før møtet var sett overhøyrde vi denne kommentaren frå ei av dei eldre kvinnene i forsamlinga:

«Det vil vere ei katastrofe for partiet om Valgerd blir vraka. Ingen vil forstå det. Vi kjem til å bli framstilt som det mest hjarteråe partiet.»

Men slike synspunkt hadde ingen gjenklang i forsamlinga. Derimot var det mange som hadde sterkt kritiske ytringar mot heile nominasjonsprosessen. Det kom kritikk mot at den var sentraldirigert og at dei fekk resultatet tredd ned over hovudet.

Harde utfall

Argument som vart nytta mot Valgerd var slike som: Vi må han ein kandidat som tenkjer før ein snakkar. At Valgerd har utspela si rolle, at Valgerd er som melodi Grand Prix - noko som alle elskar å hate. Jamvel dialekten hennar, er blitt brukt mot henne. Og sist men ikkje minst: Valgerd-boka.

Ein av dei som gjekk varmt inn for Valgerd forlangte handsopprekking over kor mange som hadde lese boka. Det var ikkje mange i forsamlinga som rette handa i veret.

Men fleire av dei som hadde lese boka «frå perm til perm» skrytte både av boka og sa at der var det ingenting som talte imot Valgerd, tvert om.

Fargelaus vs. fargeklatt

Om Holstad vart det sagt at han er anonym og fargelaus i sterk kontrast til Valgerd. Han skaper heller ingen entusiasme, kunngjorde ein av delegatane og la til: vi har prøvd i lokallaget vårt. Valgerd derimot vart av fleire omtala som «ein fargeklatt».

Ein annan utsending kunngjorde at «Holstad som vararepresentant for Valgerd gjennom seks år, ikkje har kome seg ut av skugganes dal. Og vel vi andre enn Valgerd i dag, er det sjølvmord for mandatet vårt». Det vart også hevda at å få Holstad på topp i Akershus i tillegg til Dagfinn Høybråten på topp i Rogaland, vil gje for mykje av eit «mørkemanns-inntrykk» av partiet. Difor var det viktig å velje Valgerd, vart det argumentert.

- Glad og audmjuk

— Vi må jobbe meir saman, sa Valgerd Svarstad Haugland sjølv, då ho kom til nominasjonsmøtet kvart på ni, ein dryg halvtime etter at resultatet var klart.

Ho gav uttrykk for at ho er glad men også audmjuk over resultatet. Ho la til at det store røystetalet for Lonstad, er ein peikepinn om at ein må arbeide meir saman.