VIDAR YSTAD

SV-representantane Audun Bjørlo Lysbakken, Heidi Grande Røys, Magnar Lund Bergo og Kjetil Bjørklund har nå fremja eit privat framlegg i Stortinget som vil skjerme kundane mot pågåande utlånarar. Dei vil hindre at fleire får gjeldsproblem og hjelpe dei som likevel hamnar i eit økonomisk uføre.

— Vi vil styrke kontrollen med marknadsføring av usikra kreditt. Det gjeld mellom anna såkalla forbrukslån med skyhøg rente som Bergens Tidende omtala før helga, seier Lysbakken til BT.