I staden vil dei satse på det svenske jagarflyet JAS Gripen.

Det opplyser SVs forsvarspolitiske talsmann, Bjørn Jacobsen, til Bergens Tidende. Han meiner også dette kan føre til eit tettare industrielt samarbeid med svenskane.

— Vi bør ha kome oss over norsk husmannsånd i forhold til svenskane. I staden bør me sjå utsiktene til eit industrielt samarbeid over Kjølen, seier Jacobsen.

Sei opp USA-avtalen

I første omgang meiner han Noreg bør seie opp utviklingsavtalen med den amerikanske flyprodusenten som står bak Joint Strike Fighter (JSF). Denne avtalen vart gjort for fem år sidan.

— Avtalen kostar oss 100 millionar kroner i året. Hittil har den kosta oss 500 millionar kroner, opplyser Jacobsen.

Statssekretær Espen Barth Eide i Forsvarsdepartementet opplyser at regjeringa før jul vil ta stilling til om avtalen skal forlengast.

— Dersom vi går inn for det, må det vere ein føresetnad at vi også gjer tiltak som viser at dei to andre produsentane framleis er med som aktuelle konkurrentar, seier Eide som nyleg har vore med på testing av JSF-flyet.

Eide seier at strategien regjeringa har valt i høve til flyprodusentane, har hatt god effekt. Dei tre kandidatane har kome med nye konstruktive innspel og tilbod. Frå amerikansk side er det opna for større norsk deltaking i produksjonen. I kompositt- og titan-komponentar utgjer det leveransar for 8-10 milliardar kroner pluss leveransar for nokre fleire milliardar. Dei to europeiske leverandørane har kome opp med gjenkjøpsavtalar og industriprosjekt. Avatalar og prosjekt som er blitt stadig meir konkretiserte.

Varsla milliardsprekk

Dei siste dagane har medieoppslag om kostnadssprekk for JSF-prosjektet, skapt reaksjonar i det politiske miljøet. Kostnaden skulle ha auka frå 40 til 70 milliardar.

I går melde avisa VG at regjeringa ville «krympe» jagarfly-bestillinga.

Dette resulterte i at Frp sin forsvarspolitiske talsmann, og nestleiar i forsvarskomiteen, Per Ove Width, kom med denne reaksjonen overfor Bergens Tidende:

— Dersom det stemmer at regjeringa på grunn av prisauken meiner dei må kjøpe 24 i staden for dei planlagde 48 nye kampflya, må det bety at regjeringa allereie har bestemt seg for val av flytype. Dette er merkeleg.

With meiner alle dei tre kampflya er fullt brukbare. Pris må difor vere ein viktig faktor ved avgjerda.

— Vi bør nå bruke tid og snakke pris med samarbeidsprosjektet Eurofighter og svenske JAS Gripen, seier han.

- Total mistyding

Statssekretær Espen Barth Eide slår på si side fast at opplysningane om kostnadssprekk for JSF, baserer seg på ei «total mistyding».

— Tala som skulle vise at prosjektet vil auke frå 40 til 70 milliardar kroner, omfattar både innkjøpspris og totalkostnader for flya. Kostnader i heile deira levetid på om lag 30 år. Det omfattar forutan innkjøpsprisen, også driftsutgifter, opplæring, vedlikehald og oppgraderingskostnadar, seier Eide.

Stortingsrepresentant Bjørn Jacobsen (SV) meiner det er høgst relevant å få tala på bordet. Dermed får ein fram kva prosjektet faktisk kostar.

Sjølv er han sterk tilhengar av å gjennomføre ei oppgradering av F-16 flya som Forsvaret har i dag. Han meiner det er realistisk at det kan forlenge levetida til denne flyparken med 10 år. Men når og dersom det blir bestemt at Noreg skal kjøpe nye kampfly, bør valet falle på svenske JAS Gripen, meiner Jacobsen.

Heller ikkje Width avviser tanken om at ei oppgradering kan forlenge levetida og utsetje tidspunktet for utskifting.

Saab, HO