Men det er ingen garanti for regjeringsdeltaking, sjølv om det er det SV-leiaren helst vil.

Kristin Halvorsen og Jens Stoltenberg har innleidd eit tettare og opnare samarbeid om politiske saker etter at dei i vår tørna saman i open konfrontasjon om næringspolitikken.

Sett på plass

Begge fekk reaksjonar både frå eigne rekker, frå fagrørsla og frå anna hald som ynskte at dei måtte legge vekk våpna for å kunne skape grunnlag for eit regjeringsskifte.

— Vi har teke konsekvensen av dette, dempa oss og hatt open dialog om mange saker på Stortinget, seier Halvorsen. I dette samarbeidet er også Sp-leiar Åslaug Haga inkludert.

Valresultatet vil ifylgje Halvorsen ikkje berre avgjere om det blir eit regjeringsskifte, men også kva slags politikk ei ny regjering vil føre. SV vil forhandle ut frå styrke ved valet og er optimistisk med bakgrunn i galluptala.

Nestleiar i SV, Øystein Djupedal, gjorde det i går klart at draumen om eit raud-grønt fleirtal og regjeringsdanning nå er mykje nærare og meir sannsynleg enn nokon gong sidan SV fekk ny leiarskap i 1997.

EU-saka

Halvorsen trur ikkje EU-saka vil vere eit hinder for eit eventuelt regjeringssamarbeid. Ho bygger då på at EU-saka, slik det nå ser ut, ikkje vil vere så påtrengande aktuell, heller ikkje for Ap.

Halvorsen har sjølv freista å fjerne EU-saka som ei mogeleg hindring for eit regjeringssamarbeid. Tre kvart år før landsmøtet i SV tok nemleg Halvorsen til orde for at nei-partiet SV skal bøye seg for eit mogeleg fleirtal på 50,1 prosent i ei rådgjevande folkerøysting.

Dette er eit heilt anna standpunkt enn partiet til nå har hatt. Halvorsen forklarte i går at det var naudsynt at standpunktet blir modna i god tid før landsmøtet. Ho stadfesta samstundes at det har vore nokså blanda reaksjonar internt på utspelet hennar.

Halvorsen stadfesta også at standpunktet hennar inneber at partiet vil bøye seg og gå inn for medlemskap sjølv om det er slik at eit ja-fleirtal i Oslo-gryta røystar ned eit nei-fleirtal i resten av landet.