Ulikt dei to regjeringspartnarane Ap og Sp køyrde SV i vanleg stil, debatten etter partileiaren sitt innleiingsforedrag, for opne dører. Først då ein kom til strategien vidare, framfor regjeringsforhandlingane, vart pressa kasta på dør.

SV meiner å ha alt å vinne på å praktisere ei slik open line.

Sjølvkritikk og kritikk

Partileiar Kristin Halvorsen tok mykje av brodden mot den venta kritikken gjennom ein sjølvkritisk tale. Talen fall i god jord sjølv om partileiaren også retta ein kritisk peikefinger mot landsmøtet i partiet både i innleiinga og under oppsummeringa av debatten.

Ho gav uttrykk for at landsmøtet nok ikkje hadde hatt heilt klart for seg konsekvensane av nokre av dei vedtaka ein gjorde: Kva angrep vi ber om å få når vedtak blir gjort. Ho viste i den samanhengen konkret til vedtaket om å gå inn for å avskaffe karakterane i skulen.

Kritiserte partileiinga

Samstundes måtte partileiinga tole kritikk frå fleire representantar for at partiet hadde svikta og ikkje fylgt opp klare landsmøtevedtak under valkampen, mellom anna nett avskaffing av karakterane. Det gjeld også manglande oppfølging av landsmøtevedtaket som utpeikar USA til største trugsmålet mot verdsfreden. Det vart mana til at partiet må ha og vise sjølvtillit til å stå på eigne saker.

På denne bakgrunnen må ein forstå reaksjonane i SV etter at partileiaren på seminar ved Norsk Utanrikspolitisk Institutt nytta formuleringa «frå puddel til partnar» overfor USA. Svært få i SV finn det naturleg for Noreg å opptre som partnar overfor USA.

Derimot blir krava om norsk tilbaketrekking frå den amerikanskleidde operasjonen Enduring freedom i Afghanistan og frå Irak, fremja med styrke.

Internt oppgjer

Bergens Tidende er også kjend med at det under eit møte i stortingsgruppa onsdag vart teke eit kraftig oppgjer med profileringa og utspelspolitikken som SV-leiinga stod for under valkampen. Det er ei utbreidd oppfatning at leiinga i partiet valde vekk saker som dei er usamde i og at det gjekk ut over profilen og tilliten til partiet.

Fleire representantar både av dei attvalde og av dei som fall ut, meiner at SV på mange vis har seg sjølv å takke for at valresultatet vart som det vart.

Audun Lysbakken, som tapte stortingsplassen sin frå Hordaland, seier det slik til Bergens Tidende:

— Problemet vårt i valkampen var at vi ikkje låg tydeleg nok til venstre. Det gav veljarar som vi fekk frå Ap for fire år sidan liten grunn til å røyste SV. I staden gjekk dei tilbake til Ap. SV må ha ein kvassare utanrikspolitisk profil, ein klarare miljøprofil. Vi skal framleis fremje SV sin profil, ikkje kopiere Ap.

Politisk sett er såleis SV eit splitta parti sjølv om ein står samla om regjeringsprosjektet.

Venta motframlegg

Til Bergens Tidende seier Kristin Halvorsen at ho fredag kveld, då ho sat og førebudde talen til landsstyret, var innstilt på at det kunne kome framlegg i landsstyret om at SV ikkje skulle gå i regjeringsforhandlingar på grunn av at partiet kom så svekka ut av valet.

— Eg var viss på at eit slikt framlegg ikkje ville få fleirtal, men eg trudde nok at i alle fall eit par representantar ville kome med eit slikt framlegg. Det kom ikkje, og eg konstaterer nå at det er eit heilt samla parti som går til regjeringsforhandlingar, seier Halvorsen.

Nå ser SV og Kristin Halvorsen fram mot å kome i posisjon for første gong etter å ha levd i opposisjon i 30 år, for ikkje å seie 44 år, frå SF vart skipa i 1961.

Gler seg til å få makt

— Vi ser fram til ikkje berre å ha rett, men også å få rett. Ikkje berre å gå framfor og presentere ideane som Ap og sentrum så kan plukke opp og gjennomføre delar av, fastslo Halvorsen i går.

SV er klar over at forhandlingane om ein regjeringsplattform blir tøff. Til liks med Sp vil SV ha ei svært detaljert erklæring der alle tenkeleg problemsaker er avklara og løyst. Som Sp er SV fullt på det reine med at «bordet fangar» så snart ein inntek regjeringskontora.

Men samstundes understrekar Halvorsen at SV i regjering, når det oppstår problemsaker, vil vere klar på at «utan oss er det ikkje noko fleirtal».

Spørsmålet er då kven som har mest å tape på eit nederlag eller brot.

MORTEN HOLM/SCANPIX