I UD vart det i går opplyst til Bergens Tidende at saka om tilbakehalding av pengeoverføringar til dei palestinske styresmaktene, har vore behandla i regjeringa.

Knallharde reaksjonar

På SV-hald blir dette blankt avvist. I går, i det som normalt blir omtala som «den stille veka», var det hektisk aktivitet i SV for å klarlegge situasjonen og kome på banen.

Reaksjonane er knallharde mot det standpunktet og synsmåtane som vart framførd av utanriksminister Jonas Gahr Støre i Dagbladet søndag. Det er også sterke reaksjonar i Ap.

Men førebels ligg offisielle talsmenn for partiet lågt.

— Umoralsk utpressing

— Det er umoralsk å drive utpressing overfor den svakaste parten, palestinarane.

Det seier tidlegare SV-leiar, Stein Ørnhøi, til Bergens Tidende.

— Når vi i Noreg må leve med dei resultata vala gjev, får vi akseptere det i andre statar også. Det er politisk uanstendig og uakseptabelt å krevje at det blir gjennomførd val, for så å ikkje akseptere valutfallet.

Ørnhøi påpeikar at det ikkje er første gongen at den vestlege verda ikkje aksepterer resultatet av eit val. Det skjedde for ei tid tilbake i Algerie også. Resultatet var at det vart gjennomførd eit kupp for å overkøyre valresultatet.

— Det er eit farleg signal overfor omverda å sende ut at: demokrati har vi, så lenge vi likar resultatet. Eg meiner ein skal ha såpass respekt for folkeviljen at ein aksepterer valresultatet, seier Ørnhøi.

- Heilt feil signal

Stortingsrepresentant Hallgeir Langeland (SV) seier til Bergens Tidende at han er djupt usamd i den kursen Støre har slege inn på.

— Det er eit heilt feil signal å sende, etter at dei har halde frie val. Eg var sjølv valobservatør under palestinarane sitt val i 1996. Nå er det ingen som har sett fingeren på valet som vart gjennomførd. Nå har dei valt dei politikarane dei ønskjer. Då kan vi ikkje legge totalt om politikken vår og slå handa av dei av di vi mislikar vala deira Vi må halde fram dialogen. Elles driv vi berre palestinarane over i hendene på Iran og andre muslimske grupper, seier Langeland.

Politisk press mot Hamas

Utanriksminister Jonas Gahr Støre seier til Bergens Tidende at Noreg avventar utviklinga på den politiske sida frå den palestinske regjeringa:

— Vi har ikkje frose utbetalingar. Vi har ikkje halde tilbake pengar ved ein termin, som skulle vore utbetalt. Det vi har sagt heilt sidan januar, og som eg også har uttala og fått støtte for i Stortinget, er at vi ønskjer ei politisk utvikling frå den Hamas-kontrollerte regjeringa.

Ifølgje Støre er det ikkje gjort noko vedtak i regjeringa om å stanse utbetalingane. Derimot har ein drøfta prinsippa som han nå har gjeve uttrykk for. Hittil i år er det overførd nær 70 millionar kroner til lærarløner. I fjor var overføringane om lag 100 millionar.

Støre seier at det allereie har skjedd ei positiv utvikling i haldningar frå Hamas, sett med den norske regjeringa sine auge, men det er framleis eit stykke å gå.

Han stadfester at dette inneber at regjeringa på eit visst tidspunkt vil oppsummere og vurdere om ein er nøgd med utviklinga når det gjeld politiske haldningar frå Hamas-regjeringa, før det blir overførd meir pengar.