Heilt annleis var det i fjor. Då retta ein samrøystes Kontroll— og konstitusjonskomite klar kritikk mot Forsvarsdepartementet.

Forsterka kritikk

Grunnlaget var kritikk som Stortinget sitt kontrollutval for dei hemmelege tenestene, EOS-utvalet, hadde retta mot departementet og Forsvarets Overkommando.

Men den gongen heitte forsvarsministeren Bjørn Tore Godal frå Ap.

I år er kritikken frå EOS-utvalet langt hardare mot departementet. Og utvalet fann grunn til å forsterke kritikken ytterlegare etter at årsmeldinga var avgiven, på grunn av haldningane i departementet.

Ludvigsen knallhard

Spesielt hard i kritikken i fjor var Svein Ludvigsen (H) som den gongen var saksordførar. Kritikken retta seg i særleg grad mot behandlinga av ein avdelingsdirektør i Forsvarets Overkommando. Han vart først fråteken tryggingsklareringa si og vart sidan oppsagt.

Det skjedde noko underleg då saka vart debattert i Stortinget 5. juni i fjor:

Komiteleiaren, Gunnar Skaug, frå Ap distanserte seg klart frå kritikken som var framførd av Ludvigsen. Men han nøygde seg ikkje med det: han distanserte seg også faktisk frå den samrøystes komiteinnstillinga han hadde vore med på. Skaug fekk kraftig motbør frå Ludvigsen og Vidar Kleppe (som då var uavhengig).

Intervenerte

Forklaringa Skaug i dag gjev til Bergens Tidende, er at han i fjor vart kontakta av den dåverande statssekretæren i Forsvarsdepartementet, Øystein Singsaas (A). Han ville «orientere litt om saka» etter at komiteinnstillinga var avgjeven.

Skaug seier at han ikkje hugsar kva Singsaas fortalde. Men det kan vi lese oss til av stortingsreferatet av kva Skaug sa. Han gav uttrykk for at han meinte «Stortinget har behov for å få vite» at «vedkommende - hadde begått om lag 31 sikkerhetsbrudd» - «ikke minst ulovlig oppbevaring av våpen».

Singsaas stadfester at han snakka med Skaug om saka, men han seier at han ikkje hugsar om det skjedde før eller etter komiteinnstillinga var levert eller kva som vart sagt.

Musestille

I år er Høgre musestille. Alle spor av engasjement for å hindre at urett skjer mot enkeltindivid eller at «personalproblemer blir løst ved bruk av sikkerhetsklarering» slik Ludvigsen gav uttrykk for, er borte.

I dag heiter statsråden Kristin Krohn Devold og kjem frå Høgre. Ludvigsen er i dag fiskeriminister, regjeringskollega av Krohn Devold.

I kveld skal Stortinget debattere saka på ny.