Partiet vil i staden satse på å forlenge levetida til F16-kampflya Forsvaret har i dag. Forslaget var partimessig behandla før det kom opp til behandling i stortingsgruppa.

Halvorsen står bak

— Eg orienterte om framlegget både i sentralstyret og i styret i stortingsgruppa før det vart lagt fram i gruppemøtet, opplyser stortingsrepresentant Bjørn Jacobsen til Bergens Tidende. Han er SVs forsvarspolitiske talsmann og medlem av forsvarskomiteen. Dette inneber at heile partileiinga med finansminister Kristin Halvorsen i spissen, stiller seg bak framlegget. Ho var også sjølv til stades då stortingsgruppa behandla saka.

Vedtaket vekker reaksjonar mellom politikarar i andre parti. Det er utan tvil meint å skulle bremse dei som ivrar mest for kjøp av spesielt amerikanske kampfly.

— Vi er klar over at dette er SV sitt primærstandpunkt, er alt stortingsrepresentant Marit Nybakk (Ap) vil seie om saka. Ho var i førre periode leiar i forsvarskomiteen og sit nå i utanrikskomiteen.

Husmannskontrakt

— Regjeringa underteikna i 2001 ein rein husmannskontrakt med amerikanarane med sikte på flykjøp, seier SV-representant Bjørn Jacobsen og legg til;

— Avtalen har allereie kosta oss 500 millionar kroner. No ønskjer vi å få utgreidd å forlenge levetida på dagens F16-fly. Jamvel generalinspektøren for luftforsvaret ønskjer dette utgreidd. Militært sett hastar det ikkje med ei avgjerd. Stortinget skal ikkje fatte avgjerd før i 2008, og då snakkar vi om eventuelle nye fly frå 2018. Vårt forslag kan bety nye fly frå 2030. Då kan vi kanskje få neste generasjons fly, seier Jacobsen.

Feilinvesteringar

Bakgrunnen for vedtaket er i første rekke irritasjon over fleire store feilinvesteringar i Forsvaret. Dette gjeld mellom anna bygginga av dei nye kystforta, til fleire milliardar kroner. Forta vart etter kort tid lagde ned, fleire av dei før dei vart tekne i bruk.

Det er også misnøye med investeringa på vel 20 milliardar kroner i dei nye fregattane. I tillegg kjem investeringane i nye tunge stridsvogner til vel 1,5 milliardar kroner. Vekt og storleik avgrensar bruksområdet. Og på toppen av alt dette kjem feilinvesteringane i datasystem som har skjedd trass i sterke åtvaringar, ikkje minst internt.

Frå fleire hald blir det no etterlyst sterkare økonomifagleg styring av investeringane i Forsvaret.

Markant utspel

I førre veke kom dei tre politiske veteranane Oddmund Hammerstad (H), Jacob Børresen (Ap) og Stein Ørnhøi (SV) med eit utspel overfor Forsvarsdepartementet i jagarfly-saka.

Hammerstad har vore statssekretær i Forsvarsdepartementet. Børresen var i si tid militær sekretær for forsvarsminister Johan Jørgen Holst. Ørnhøi var åtte år stortingsrepresentant.

Dei bad om at departementet engasjerte ekstern uavhengig ekspertise til å vurdere dei tre aktuelle jagarflya opp mot kvarandre.

Brevet vart samstundes sendt i kopi til Finansdepartementet for å «ansvarleggjere» dette departementet.