— Ja det stemmer at vi har gått med på dette prinsippet. Det er også ein del av denne saka. Vi står bak den felles erklæringa frå utanriksministeren og forsvarsministeren som seier at Noreg kan sende norske spesialstyrkar til Afghanistan. Der framgår det også at det ikkje er nokon restriksjon på kvar dei kan setjast inn. Sjølv om regjeringa har sagt nei nå, er vi budd på at det kan kome ein ny førespurnad frå Nato. Den må vurderast der og då, seier stortingsrepresentant Bjørn Jacobsen til Bergens Tidende.

Han er SV sin representant i forsvarskomiteen.

Kompromiss

Den felles erklæringa i tre punkt, som utanriksministeren og forsvarsministeren offentleggjorde torsdag, er etter det Bergens Tidende får opplyst, eit kompromiss mellom dei tre regjeringspartia. SV måtte akseptere at prinsippet om å sende norske spesialstyrkar, slik Nato har bede om, vart knesett. Vilkåret for å gå med på dette var at styrkane ikkje blir sende nå.

Overfor Bergens Tidende blir det påpeika at Noreg heller ikkje har reservert seg, men tvert om vore med på og akseptert prinsippet i Nato. Då ville det vere uråd å seie prinsipielt nei i ettertid.

Spørsmålet nå er difor kor raskt det kan skje ei nyvurdering av avgjerda om ikkje å sende slike styrkar, som vart teken onsdag.

Utanriksminister Jonas Gahr Støre har dessutan sagt til Bergens Tidende at Noreg ikkje er avhengig av ei ny oppmoding frå Nato for å gjere ei ny vurdering av spørsmålet.

- Kontinuerleg prosess

— Nato sin styrkegenereringsprosess er ein kontinuerleg og evigvarande prosess. Eg reknar med at Nato har bite seg merke i det norske vedtaket om et vi i dag ikkje vil sende nye styrkar til Afghanistan, seier Jacobsen, og held fram:

— Eg er viss på at Nato fylgjer med og er klar over dei politiske vurderingane som er gjort i alle dei medlemslanda som nå har sagt nei til å sende nye styrkar. Eg trur også at ein i Nato er så klok at ein ikkje på kort sikt kjem tilbake og bed Noreg vere med på noko vi korkje politisk eller praktisk kan bidra med nå.

— Kor lang tid må det gå før SV vil finne det akseptabelt at norske spesialstyrkar blir sendt?

— Det vil dels avhenge av utviklinga i Afghanistan, dels vurderinga av dei andre oppdraga vi har.

Opposisjonen

Jacobsen viser til det engasjementet opposisjonen på Stortinget har lagt for dagen i høve til regjeringa si avgjerd i førre veke.

— Eg kan ikkje seie anna enn at det undrar meg at dei ikkje har hatt eit tilsvarande engasjement etter at Fellesoperativt hovudkvarter sa nei til å overflytte ein del av styrken i nord-Afghanistan til sør. Avgjerda var reint militærfagleg. Eg kan heller ikkje sjå at opposisjonen har hatt noka sterkt engasjement for å syte for at Noreg innfrir FN sine ynskjemål om norsk innsats.

Jacobsen går i rette med opposisjonen sine åtak på at SV har innverknad på regjeringa sin utanrikspolitikk:

— Eg vil vise til kva utanriksminister Jonas Gahr Støre sa då opposisjonen kritiserte at SV fekk gjennomslag i Soria Moria-erklæringa: SV sit i regjering. Sjølvsagt skal eit regjeringsparti ha innverknad i politikken.

GRØNT LYS: SV har akseptert prinsippet om at norske spesialstyrkar skal kunne setjast inn i Afghanistan, seier stortingsrepresentant Bjørn Jacobsen (SV). FOTO: HÅVARD BJELLAND
Bjelland, Håvard