OLAV GARVIK

Meiningsmålinga som Norsk Respons AS har gjort for Sogn og Fjordane like i innspurten av valkampen syner at det vert stor spenning kring fleire kandidatar. Den tredje som kan få problem med nattesvevnen no er KrF-representanten Per Gunnar Osmundnes.

Også han er i høgste grad med i kappløpet om det fjerde stortingsmandatet. I tillegg til dei fire ordinære har Sogn og Fjordane til liks med dei andre fylka eit utjamningsmandat.

Høgre i motvind

Knut Henning Grepstad, som vert rekna som den fremste valeksperten i Sogn og Fjordane, har analysert meiningsmålinga som er gjort for Bergens Tidende siste del av denne veka. Slik han ser det, er det relativt små utslag samanlikna med målinga vi offentleggjorde 19.august, om vi held KrF og Høgre utanfor.

I denne perioden har Høgre gått like mykje tilbake som KrF har gått fram. Utsiktene til at Mathias Råheim frå Gaular skal få noko stortingssete ser dermed ut til å vera i det blå.

— Høgre ser ut til å vera i konstant motvind, seier Grepstad.

— Denne målinga syner at valkampen fram mot den siste innspurten har ikkje endra oppslutninga om partia vesentleg. Vi skal også leggja vekt på at om lag 20 prosent av dei spurde har enno ikkje bestemt seg.

Trygt Frp-mandat?

— Det ein iallfall kan slå fast er at Ap har sjanse på å få to og at Senterpartiet har sikra sitt mandat. Dersom ser det ut til at Framstegspartiet, som har 15,7 prosent, er trygg på å bli representert. Partiet har aldri før på dette tidspunktet av valkampen hatt så god oppslutning, seier Grepstad vidare. Åge Starheim har dermed gode sjansar til å bli den første Frp-tingmannen frå Sogn og Fjordane.

— Går vi djupare ned i bakgrunnsmaterialet, ser vi elles at veit ikkje-svara er jamt fordelt, men med overvekt på KrF og Venstre. I desse partia er det mange som ikkje hadde bestemt seg då målinga vart gjort. Derfor er det grunn til å slå fast at partia si evne til å mobilisera i sluttfasen er heilt avgjerande for valutfallet i Sogn og Fjordane, understrekar Knut Henning Grepstad.

HAR SJANSE: Heidi Grande Røys (SV) kan, med litt hell, få fire nye stortingsår. <br/> ARKIVFOTO: ODDLEIV APNESETH