I går var Øyvind Halleraker til stades på lyntogseminar i Stortinget, arrangert av SV.

I dag sit Halleraker og Langeland på flyet til Japan saman med resten av samferdslekomiteen. I soloppgangens land skal komiteen køyra Shinkansen, lyntoget som har vore i drift mellom Tokyo og Osaka sidan 1964. Lyntoget når opp i over 300 kilometer i timen, og vert rekna for å vera ein svært sikker reisemåte.

Men alt før turen til Japan er Hallgeir Langeland og Øyvind Halleraker klåre på ein ting:

— Lyntog, eller høgfartstog, skal få ein godt synleg plass i Nasjonal Transportplan, som Stortinget skal vedta i 2009.

Tysk rapport

No er det dessutan like før debatten om norske lyntog får ny fart. I slutten av komande veke vil Samferdsledepartementet visa fram utgreiingane frå Verkehswissenschaftliches Institut, VWI, i Stuttgart om lyntogruter frå Oslo til Göteborg, Trondheim, Bergen og Stavanger.

Måndag 5. november vil dei tyske ekspertane sjølve forklara sine opplegg på eit seminar på Lillestrøm.

Ein flik av rapporten har alt kome til syne. Lyntog til Bergen vil kosta 85 milliardar kroner, meiner tyskarane, som tenkjer seg ein trasé stort sett langs dagens korridor for Bergensbana.

Lyntog vil løna seg

Opp mot dette står Norsk Bane AS, som vil byggja dobbeltspor for lyntog mellom Oslo og Bergen/Stavanger for 53 milliardar kroner. Ikkje nok det med: Norsk Bane vil finansiera det heile med lån som skal betalast attende med overskotet på drifta.

For lyntog er noko som vil løna seg, meiner Norsk Bane AS.

Den Sørnorske høgfartsringen, som er utvikla av jernbaneplanleggjar Jon Hamre, og med Høgre som fadder, vil og løna seg, vert det påstått. Og prisen på traseen mellom Oslo og Bergen vil liggja 30 til 40 milliardar under den tyske kalkylen.

Styrkjer regionane

Desse to prinsippløysingane vart presenterte på SV sitt seminar i går. I tillegg la pensjonert samfunnsplanleggjar Didrik Seip fram sine eigne tankar om lyntog, som ikkje skilde seg radikalt frå dei andre.

SVs nestleiar, Audun Lysbakken, frå Bergen, la vekt på at lyntog ville vera viktig for distriktspolitikken. Samtidig ville lyntoget bidra til å styrkja regionane si politiske makt.

Og finansieringa? - Det er spørsmål om korleis vi forvaltar rikdommen vår. Noko av det bør vi bruka til å få ein god infrastruktur, seier Audun Lysbakken.

Håvard Bjelland