VIDAR YSTAD

Konkurransetilsynet granskar nå alle flyrutene i Noreg der selskapet har konkurranse.

Dette opplyser avdelingsdirektør Lasse Fridstrøm i Konkurransetilsynet til Bergens Tidende.

Varselet som nå er sendt SAS Braathens, gjeld ruta Haugesund-Oslo. Tilsynet meiner at selskapet opererte med underpris i perioden 1. mai — 14. juni i år. Underpris betyr at billettinntektene ikkje var høge nok til å dekke kostnadene.

«Grovt»

— Det er forbod mot å prise billettar under eigne kostnader. Og det er det vi meiner har skjedd, seier Fridstrøm.

I perioden 1. - 14. juni trafikkerte selskapet Coast Air same ruta. Men selskapet gav sidan opp.

Det er fleire kriterium som blir trekt inn når ein skal vurdere kor høgt gebyret eller bota skal setjast. Det er mellom anna over kor lang tid underprisinga har skjedd.

— Regelverket vårt er ein blåkopi av regelverket i EU. Dersom det blir konstatert overtreding blir den vurdert i kategoriane: mindre grov, grov, eller svært grov. I dette tilfellet har vi vurdert overtredinga som «grov», seier Fridstrøm

Granskar nye tal

— Først i neste veke vil reknskapsmaterialet frå dei øvrige rutestrekningane vere klart. Vi vil gå igjennom det. I prinsippet vil vi granske situasjonen på alle rutestrekningane der SAS Braathens opererer i konkurranse med andre flyselskap, seier Fridstrøm.

Dersom Konkurransetilsynet finn at SAS Braathens har nytta liknande eller tilsvarande praksis som det ein meiner å ha funne for strekninga Haugesund - Oslo, står selskapet i fare for å bli ilagt nye millionar i bøter.

Etter at den nye Konkurranselova trådte i kraft 1. mai i år, vart det ulovleg for eit selskap å misbruke dominerande marknadsposisjon.

Denne saka er den første som blir fremja etter lovendringa.

«Undring» i SAS

SAS Braathens er overraska over konklusjonen og dessutan at ein er overraska over at avgjerda vart kunngjort gjennom ei pressemelding.

Selskapet har tidlegare avvist einkvar insinuasjon om at det driv underprising for å bli kvitt brysame konkurrentar.

Selskapet har nå frist til 17. januar med å kome med tilsvar til dei funn og vurderingar som tilsynet har gjort.

Deretter vil Konkurransetilsynet gjere endeleg vedtak. Vedtaket kan ikkje påklagast til departementet.