Klokka 19.10 skulle den 16 år gamle dottera til Tone Norekvål ha sette seg på flyet heim til Bergen, etter å ha vitja faren i London.

Men slik gjekk det ikkje.

— SAS hadde overbooka «bigtime». Det var visst 12 andre som ikkje kom med. Og så let dei ein 16-åring stå att, seier Norekvål, som er bekymra for dottera som i staden for å kome heim måtte tilbringe natta på eit hotell i Stavanger.

— Ein ting er at dei overbookar, men eg reagerer spesielt på at dei ikkje har eit system som tek betre vare på barn, seier ho.

— Det eg går ut frå har skjedd er at det ikkje var mogleg for dei som handterte «gaten» å skjønne at dette var eit barn som reiste aleine, seier informasjonssjef Kenneth Vikse i SAS Braathens.

Han seier at med mindre barnet blir definert som det i SAS-språk heiter «unintended minor» (UM), veit ikkje SAS-folka om eit så gammalt barn er eit barn.

— Hadde dette vore ein 12-åring, hadde det vore ein UM, men det er truleg ikkje mogleg å seie om ei 16 år gammal jente er eit barn utan at ein får beskjed om det, seier han.

— Barnet stod igjen saman med 12 andre. Kven er det som blir prioritert når de overbookar eit fly?

— Det er dei billettane med størst fleksibilitet.

— Og det vil seie dei dyraste billettane?

— Det er dei som regel, ja, seier Vikse.

Far til jenta fekk plass til henne på eit fly til Stavanger i går kveld, der ho overnatta før ho flyg vidare til Bergen i dag.