Opplysningane har likevel vore for vage til at temaet er reist som spørsmål eller sak.

Reaksjonane er nå krasse frå yttarste venstre til yttarste høgre på den manglande informasjonen. I dag kan statsminister Bondevik vente seg pågåande spørsmål når han møter i den såkalla spontanspørjetimen i Stortinget.

I går var det hektisk aktivitet ved statsministerens kontor for å klarlegge alle forhold og bu statsministeren på alle eventualitetar.

USA takka Noreg

Opposisjonen er samd om at Bondevik har eit forklaringsproblem ettersom Noreg verbalt tok avstand frå krigen, men har støtta USA med avanserte våpen.

Og, blir det påpeika overfor Bergens Tidende: Det er tydelegvis ikkje utan grunn at amerikanske republikanske politikarar har takka Noreg varmt for hjelp til krigen i Irak.

— Du må kunne feste lit til det ein statsminister seier. Når han seier at han er imot ein krig, og tek avstand frå krigen og seier krigen er i strid med folkeretten, så må vi kunne lite på at han meiner det. Nå sit folk att med mange spørsmål: Har vi ikkje vore meir aktive i denne krigen både med soldatar og utstyr, enn det statsministeren sine utsegner tyder på? Eg likar det ikkje, seier Ap-veteranen Ranveig Frøiland til BT.

Ho er medlem av gruppestyret på Stortinget.

Kritiserer Petersen

Ho reagerer også på at utanriksminister Jan Petersen viser til svar han har gjeve til ein representant frå SV når han nå blir spurd om denne saka.

— Det nyttar ikkje å vise til svar på eit spørsmål frå ein representant. Informasjon til Stortinget i ei slik sak, er til Stortinget i plenum, eller til den utvida utanrikskomiteen. Petersen veit betre, seier Frøiland.