Dette vart klart i Samferdselskomiteen i Stortinget måndag, skriv avisa Hallingdølen.

– Eg er glad for at me fekk til dette. Det heldt hardt med å få til ei løysing, seier Stortingsrepresentant Sigrun Eng (Ap) til Hallingdølen.

Ho opplyser at komande vinter er både Buskerud fylke og Hol kommune med og finansierer løysinga. På sikt er det målet å få til ei permanent løysing av denne saka.

Bakgrunnen for opplegget er omsynet til moglege stengingar av Rv 7 grunn av villrein eller på grunn av uver. Ved slike høve skal det opnast for både kolonnekøyring og brøyting på Rv50 nattestid.