Erlend Spurkeland

Nye kjøparar frå Karibia er no i byen og forhandlar om overtaking av den tidlegare HSD-ferja «Fedje». Truleg vert kontrakten underskriven i løpet av helga, som første steg mot eit tropisk ferjeliv med palmar og sol.

Etter månader med lediggang og frustrasjon er stemninga om borde forsiktig optimistisk i dag. Mannskapet frå Sakhalin i Russland håpar å ha hyra på plass i løpet av maks to veker. Tobakkmangel

Eit skår i glada er det:

— No cigarettes.

Dei får matforsyningar, men ikkje sigarettar. Utan pengar, ingen tobakk. Då nyttar det ikkje at dei har over 450000 kr til gode. Jaktar desperat i askebegra etter stadig kortare sneipar.

— Gav dei det eg hadde av røyk, ler Truls M. Hellenes.

— Pluss at dei fekk ringja heim.

Som lokal representant for ITF, det internasjonale transportabeidarforbundet, var han i går om bord med råd og fagforeningsinfo. Er meir realistisk med tidsperspektivet. Trur at det enno vil gå månader før båten forlet Bergen hamn. Og håpar at mannskapet før den tid vil inngå tariffavtale.

Tidsfordriv

Mannskapet meiner at deira beste garanti for å få pengane sine er å vera om bord. Nokre vil reisa straks dei får løna. Heim til gravid kone og familie dei ikkje har sett på snart sju månader.

Andre igjen ønskjer å føra båten over Atlanteren. Og få meir lønn. Til avtalt tid denne gongen! Men først skal alt papirarbeid gjerast. Havnevesen og andre kreditorar skal ha sine hundretusenar. Og alt tar tid.

— Månader, er tipsa frå folk i bransjen. Greitt då at folka om bord har nytta ventetida i Bergen til å heimelaga sjakkspel, dominobrikker og dartspell til tidsfordriv. Det vil enno koma godt med.

LANGE DAGAR: Sergeij frå Kalinigrad viser fram mannskapet sitt tidsfordriv. Både dart, domino og sjakk er laga om bord i ventetida. <br/>FOTO: ERLAND SPURKELAND
ERLEND SPURKELAND