— Dei tenkjer ut over si eiga regjeringsperiode, og det er ganske modig gjort, seier Grytten om dagens Bondevik-regjering.

På lang sikt er det hovudsakleg ein ting som tel for å halde sysselsetjinga i Noreg oppe: Å sørgje for at norske verksemder kan konkurrere og selje varene og tenestene sine i ein internasjonal marknad. Dagens regjering har styrt etter dette målet, og kombinert det med tiltak for å hindre framveksten av ei stor gruppe langtidsledige.

Omstridd omstilling

Større høve til å ta inn folk i mellombelse stillingar er eit døme på ein god politikk som gjer det lettare for næringslivet å omstille seg, meiner Grytten.

Men dette er også ei av dei mest omstridde sakene regjeringa har gjennomført. Grytten har forståing for motstanden hos fagrørsla. Men berre delvis:

— Fagrørsla har eit poeng i at du kan skape mindre tryggleik, men fagrørsla har hatt ein tendens til å tenkje meir på sine eigne medlemer som har arbeid, enn dei som ikkje er medlemer og ikkje har arbeid.

Kortvarig gevinst

På kort sikt kan eit regjeringsskifte få fleire i arbeid og arbeidsløysa ned.

— Eg trur ei raudgrøn regjering kan gi ein viss gevinst på kort sikt, seier Grytten.

Større offentlege utgifter og auka budsjettunderskot vil finansiere nye jobbar, meiner han.

Men etter kvart vil den raudgrøne regjeringa møte seg sjølv i døra: Pengebruken vil presse renta opp, svekke konkurranseevna i næringslivet, og auke arbeidsløysa på ny.

— Viss dei er heldige så skjer ikkje det før neste valperiode, seier Grytten.

Gått til venstre

Han meiner Stoltenberg-regjeringa Noreg hadde for 10 år sidan var meir innstilt på å gjennomføre same slaget reformer i næringslivet som dagens regjering, enn den raudgrøne-regjeringa vil vere.

— Det verkar som om Stoltenberg har tatt eit steg til venstre, seier Grytten.

Takka vere banda til fagrørsla har Arbeidarparti-regjeringar tradisjonelt hatt lettare enn andre for å gjennomføre upopulære endringar av reglane i arbeidslivet.

No tvilar han på at reformviljen lenger er til stades i Arbeiderpartiet.

Spora frå 70-talet

Politikken på 70-taltet er det beste dømet Grytten har på ein feilslått næringspolitikk, der staten gjekk inn for å redde verksemder og heile bransjar.

— Då fekk vi eit næringsliv som var utdatert og produserte varer som ingen ville ha, seier han.

I trua på at det berre var eit kortvarig tilbakeslag sette styresmaktene inn tiltak for å halde liv i mellom anna tekstil- og verftsindustrien.

Slike forsøk på å styre utviklinga er ikkje bra, meiner Grytten. Ved å bruke kreftene på å hjelpe ein del av næringslivet blokkerer vi framveksten av levedyktige nye verksemder og næringar.

Utan den såkalla motkonjunkturpolitikken på 70-talet hadde vi fått høgare arbeidsløyse på kort sikt, men vi hadde samstundes sett fleire finteknologiske verksemder vekse fram, mellom anna innan maritim industri.

Slaktar LO-forslag

Grytten slaktar LO-kravet om 6-timars dag i Noreg.

— Av alle framlegg som er komne i valkampen må dette vere eitt av det dårlegaste. Dette er ikkje eit godt framlegg for arbeidstakarane, seier han.

6-timarsdagen er umogleg å gjennomføre berre i Noreg, utan at det får øydeleggjande konsekvensar. Skal alle arbeide kortare dagar til same lønn vil etterspørselen etter arbeidskraft for å erstatte innsatsen som går bort i fritid, føre til ein lønns- og prisgalopp som vil heve renta og svekke konkurranseevna.

— Du vil sette i gang ein veldig vond spiral, som på sikt som vil føre til ein svakare arbeidsmarknad og høgare arbeidsløyse, seier Grytten.