For ein av dei streikande er dispensasjonen så vid at vedkomande arbeider som normalt. For fem andre, deriblant streikeleiar Arvid Langeland, er det gitt delvis dispensasjon slik at dei kan gå ein del vitale vakter, særleg om natta.

Årsaka er at liv og helse ikkje skal setjast på spel. For den streikande parten er det dessutan viktig å stella seg slik at regjeringa vanskeleg kan avblåsa streiken ved å gjera framlegg om tvungen lønsnemnd.

Streiken er likevel så effektiv at operasjonskapasiteten ved sjukehuset er redusert med mellom 20 og 30 prosent, slik direktør Rolf Abrahamsen vurderer det.

Sjukepleiarforbundet har lagt opp ei solidarisk ordning med streikebidrag slik at dei som streikar ikkje skal koma dårlegare ut økonomisk enn dei mange som arbeider.