Då dei fekk vita at Grete Knudsen var på valkampbesøk på Stord, sette Aker Maritime sin eigar og styreleiar Kjell Inge Røkke seg på flyet saman med konsernsjef Sverre Skogen for å møta ministeren på Røkkes største arbeidsplass.— Eg tek utgangspunkt i selskapa hans. Eg og departementet dømer Røkke ut frå det vi ser i verdiskaping og arbeidsplassar. På Vestlandet har dette hatt uvurderleg mykje å seia, sa Grete Knudsen straks det blei stilt kritiske spørsmål om Molde-milliardærens pengedisposisjonar.- Vi har absolutt hatt eit positivt samarbeid. Departementet lyttar til våre innspel, kjem med innspel sjølv, og stiller opp for industrien, skrytte Kjell Inge Røkke tilbake. Og røpte at han høgst sannsynleg kjem til å røysta Arbeidarpartiet ved valet.- Eg kjem heilt sikkert til å stemma korrekt! Eg kjem jo frå ein gammal arbeidarfamilie, og det gjeld å halda seg inne med si gamle mor! sa ein sprudlande Kjell Inge Røkke.I møtet med Aker Maritime-toppane og sjefar og tillitsvalde i Aker Stord og Aker Elektro fekk Knudsen vita at Aker er villig til å satsa på Stord. Offshoreverftet kjem truleg til å bli opprusta for fleire hundre millionar kroner. Aker Stord har det siste året redusert bemanninga frå 1800 til knapt 1300. Talet på tilsette vil ikkje auka med moderniseringa, investeringa skjer for å tryggja grunnlaget for eksisterande ar-beidsplassar og for å gjera verksemda meir tevlefør i den inter-nasjonale marknaden.