Dette får Bergens Tidende opplyst ved Oslo politidistrikt.

Røkke møtte onsdag til avhøyr ved Oslo politidistrikt og vart då gjort kjent med mistanken.

Mistanken mot Røkke går ut på at han har betalt pengar til ein svensk tenestemann, sjøfartsinspektør, og på urett vis ha fått skreve ut eit fåtførarsertifikat til seg sjølv. Eit slikt sertifikat er påkravd for å kunne føre ein så stor lystbåt som den Røkke eig og nyttar, «Celina».

Røkke har tidlegare avvist av han har gjort noko gale eller ulovleg i saka.

Frå før er båtmeklar Erik Øye sikta i saka. Øye, som har lagt korta på bordet, har forklart at både Røkke og andre næringslivsfigurar har betalt ti-tusenvis av kroner til ein svensk sjøfartsinspektør for å få båtførarsertifikat. Det skal ha skjedd utan obligatorisk kurs, opplæring og eksamen.

Saka handlar difor om korrupsjon og er særs alvorleg.

Sjølve saka vart rulla opp av avisa Dagens Næringsliv i august og vekte stor oppsikt både i Sverige og i Noreg.

Den svenske sjøfartsinspektøren fekk sparken og er nå under etterforsking i Sverige.

TIL AVHØYR: Røkke møtte i går til avhøyr ved Oslo politidistrikt og vart då gjort kjent med mistanken.
ARKIVFOTO: SCANPIX