VIDAR YSTAD

Både Eriksen, og ikkje minst advokatfirmaet BA-HR, set mykje inn på å unngå ei full utbretting av saka. Eriksen vil heller godta bota som han opprinneleg fekk av Økokrim 20. desember. Han vil òg få karakteristikken under «særlig skjerpende omstendigheter» kleba til handlinga han er skulda for.

I går sende Eriksen telefaks til riksadvokaten der han hevdar at han er utsett for «usaklig forskjellsbehandling» ved at Økokrim ikkje godtek at han nå vil vedta forelegget.

Advokat Erling O. Lyngtveit, som er forsvarar for Eriksen, seier til Bergens Tidende at Eriksen ser at han har handtert saka feil. Han er lei presseomtalen og ynskjer ikkje å sitje tre veker i retten med denne saka.

Økokrim står fast

Førstestatsadvokat Erling Grimstad i Økokrim seier til Bergens Tidende at han pr. i dag ikkje ser nokon grunn til å endre standpunktet om at denne saka får finne si avgjerd i retten.

Grimstad vil ikkje seie meir om dette no. Slik saka har utvikla seg, vil han gjere det skriftleg til Riksadvokaten.

Grimstad tok ut tiltale mot Eriksen etter at advokaten ikkje vedtok forelegget innan fristen som var sett. Sidan har Eriksen freista å få Riksadvokaten til å gjere om tiltalen til eit forelegg som Eriksen kunne vedta. Heilt konkret ba han også om at karakteristikken «særlig skjerpende omstendigheter» måtte fjernast som karakteristikk på den handlinga han vart straffa for. Eriksen opplyser at oppmodinga hans til Riksadvokaten vart gjort etter sterk oppmoding frå Tore Tønne sine etterlatne.

Endring uaktuelt

Men Riksadvokaten seier i eit brev, som vart sendt torsdag, at det ikkje er aktuelt å endre karakteristikken.

Samstundes gjer Riksadvokaten det klart at han vil kunne behandle ein klage frå Eriksen over «mulig usaklig forskjellsbehandling» ved at Eriksen ikkje får vedta eit forelegg.

Riksadvokaten skriv at påtalemakta i praksis ofte godtek at forelegg blir vedteke etter fristen. Både Eriksen og Økokrim skal få uttale seg i saka.