— Korleis kan vi bygge den mest effektive organisasjonen som på kort varsel er i stand til å reise kamp mot nedleggingar, utflagging og fagforeningsknusing? spurde Thoresen.

Klar til kamp

Svaret på dette spørsmålet er den nye organisasjonsmodellen LO er i ferd med å utvikle lokalt gjennom samlokalisering og tverrfagleg samarbeid. Det skal skape ein meir slagkraftig organisasjon som skal kunne nyttast i kamp mot nedlegging av sjukehus og skular, ifylgje Thoresen.

Thoresen innleia på LO-kongressen i går om LO sin framtidige organisasjon.

LO har i dag 135 lokallag og 47 LO-senter og vil satse meir på denne lina.

Med 850.000 medlemer er LO den klart største faglege organisasjonen i landet. Men heile 950.000 arbeidstakarar er uorgnaisert. Om lag halvparten av desse arbeider i privat tensteytande sektor.

Her ser Thoresen og LO mykje upløygd mark og store utfordringar for LO.

— I hotell, på kjøpesentra, i transport, på bensinstasjonar og i kioskar er det tusnar på tusnar som står fullstendig utan fagleg vern. Mange opplever å ha utrygge og uverdige arbeidsforhold, sa Thoresen og la til: - Der det er mest bruk for oss er vi diverre minst til stades.

Vil bli best på favørar

Thoresen slo fast at heller ikkje for organiserte er kvardagen utan problem. Det er ikkje uvanleg å måtte kjempe for retten til tariffavtale, eller at lover og avtalar blir brotne. Både arbeidstakarar og tillitsvalde opplever press og trugsmål mot seg eller familien.

Dessutan er det stadig fleire bransjar som opplever sosial dumping. Det gjeld ikkje minst innan bygg og anlegg og i transport, både på land og til sjøs, ifylgje Thoresen.

Økonomien

I går fekk Kongressen presentert reknskapa for kvart av dei fire åra 2001-2004. Ingen tok ordet til reknskapa etter presentasjonen av hovudkasserar Bente Halvorsen.

Fjoråret viser eit årsresultat på minus 82 millionar kroner. Det kjem ikkje minst av betydelege nedskrivingar på aksjar LO eig, svikt i finansinntektene som fylgje av låge renter og nedskriving av bygningane på LO-senteret Sørmarka.

2004 blir karakterisert som eit «oppryddingsår».

Ved årsskiftet hadde LO 1,7 milliardar kroner i kasse og bankinnskot. Eigenkapitalen var på 2,8 milliardar kroner. Av dette utgjorde kampfondet 750 millionar kroner. Det er 50 millionar meir enn i 2001.