Fredag skal Norsk språkråd ta stilling til forslaget frå si eiga fagnemnd, om fornorsking av 45 låneord. Går forslaga gjennom er det berre Kulturdepartementet som kan hindre at beiken, kamping, rokk, køpp, rekkert og sørver blir ein del av norsk rettskriving.

Fagnemnda vil tillate både desse nye og dei gamle skrivemåtane, så du kan framleis skrive cup, racket eller server.

Det er ikkje noko nytt at låneord blir tilpassa norsk skrivemåte når dei har blitt vanlege i språket. Formene ansjos, buljong og føljetong vart til dømes fastsett i 1907. I 1917 kom basseng, brosjyre og butikk, og i 1938 aksje, eksos og flørt.

Teip kom i 1966, skuter i 1976 og ålreit i 1979. Seinare har vi fått ord som finisj, kløtsj, sjanger og sørvis.

Utan fornorskinga av skrivemåten ville vi framleis ha skrive chocolade, jaloux og neutral. Miljø hadde vore milieu, platå plateau og sesong ville vore saison.