Organisasjonane i Forsvaret meiner Kristin Krohn Devold etterlet seg eit konkursbu.

Departementet har vore prega av manglande økonomistyring. I løpet av mindre enn eitt år har departementet fått ikkje mindre enn fire alvorlege rapportar med sterk kritikk frå Riksrevisjonen.

2003-reknskapen vart ikkje godkjend. 2004-reknskapen passerte med sterk kritikk etter milliardoverskridingar, og få trur at 2005 kjem ut med balanse.

— Vi er godt nøgde med den nye forsvarsministeren. Det skal bli veldig spennande. Eg kjenner ikkje Strøm-Erichsen så godt, men slik eg har opplevd henne, har ho framstått som ein kunnskapsrik og sterk politikar.

Slik reagerer forbundsleiaren i LO-forbundet, Noregs Offisersforbund, Peter Andre Moe, på utnemninga av ny forsvarsminister.

- Gjenopprette tilliten

Forbundet hadde på førehand gjort det klart for Jens Stoltenberg at ein ynskte Jørgen Hårek Kosmo tilbake som forsvarsminister. Samstundes hadde forbundet sagt klart ifrå om at Marit Nybakk, som leidde Forsvarskomiteen i førre stortingsperiode, var heilt uakseptabel. I dette hadde LO-forbundet støtte også av SV og Sp og vide krinsar i Ap.

Også forbundsleiaren i Befalets Fellesorganisasjon, Didrik Coucheron, seier til Bergens Tidende at han har motteke utnemninga av Strøm-Erichsen med «positiv forventning».

Begge forbundsleiarene understrekar veldig sterkt at den første og største utfordringa for den nye statsråden er å gjenopprette omdømet til Forsvaret i opinionen og gjenopprette tilliten mellom tilsette i Forsvaret og forsvarsleiinga. - Dette er jobb nummer ein for den nye forsvarsministeren.

Tørrdokken

— Med ein statsråd frå Bergen reknar eg med at tørrdokken på Haakonsvern, som vi i Ap har kjempa hardt for, kjem på plass. Men økonomistyringa i Forsvaret blir krevjande, seier Marit Nybakk (Ap) til Bergens Tidende.

Framstegspartiet sin forsvarspolitiske talsmann, Per Ove Width trur ikkje den nye statsråden veit kva ho går til.

— Utfordringane er mange og krevjande. Den største utfordringa for den nye statsråden er å få kontroll over økonomien.

- Slutt å leike butikk

Når vi så kjem til dei konkrete sakene, har Peter Andre Moe i Offisersforbundet, kravlista klar:

— Det må bli slutt på dette tøyset med å leike butikk i Forsvaret ved å arrangere ein fiktiv marknad med kundar i Forsvaret.

— Det må bli full stans i all privatisering av Forsvaret.

— Vi må få ein plan for å møte dei store investeringsutfordringane for eit moderne forsvar. Det trengst også større landbaserte styrkar. Vi må også få ein plan for å finne pengar til nye jagarfly og transportfly, seier Moe.