Dette får Bergens Tidende opplyst i Finansdepartementet og i Skattedirektoratet.

Bergens Tidende er blitt kontakta av lesarar som påpeikar at desse reglane vil omfatte dei tilfella der ein skattytar har motteke full diettsats og dessutan fått måltid dekt av andre.

Full diett

Bergens Tidende har nyleg avdekka at tidlegare forsvarsminister Kristin Krohn Devold (biletet), gjennom sine fire år som statsråd, i mange tilfelle fekk utbetalt full diett samstundes med at måltid var betalt av andre.

Både arbeidsgjevar og arbeidstakar har plikt til å opplyse om slike ytingar til skatteetaten gjennom melding/sjølvmelding. Arbeidsgjevar kan dessutan måtta svare arbeidsgjevaravgift

I rettleiinga for sjølvmeldinga framgår det at det ved urette eller ufullstendige opplysningar i sjølvmeldinga «vanlegvis skal ileggast ein tilleggsskatt på 30 prosent» av skatten som kunne ha vore unndrege. Lågare satsar kan nyttast i somme tilfelle. Ved grov aktløyse eller forsett kan tilleggsskatten setjast til 45 eller 60 prosent.

Dersom ein skattytar med ein marginalskatt på 50 prosent unnlet å opplyse om at han har motteke mat for 10.000 kroner samstundes som han har heva full diett, inneber det at han skulle ha betalt 5000 kroner i skatt. Men sidan det ikkje er opplyst om forholdet, blir skattekravet auka til minimum 6500 kroner. I verste fall kan skattekravet kome opp i 8000 kroner.

Ingen planar

Forsvarsdepartementet har opplyst til Bergens Tidende at departementet ikkje har nokon planar om å gjennomgå reiserekningane til den tidlegare forsvarsministeren på ny. Det gjeld sjølv etter at opplysningane ligg på bordet som viser at det er utbetalt full diett sjølv om fleire måltid er dekt av andre.

Men både likningskontoret, Skattedirektoratet og Riksrevisjonen kan på eige grunnlag ta initiativ til slik gjennomgang.

Dessutan sendte Moderniseringsdepartementet i førre veke ut eit rundskriv til alle departementa med bakgrunn i BT-avsløringane om reiserekningane.

I rundskrivet vart departementa minna om ansvaret sitt for å syte for å ha tilfredsstillande rutinar som sikrar forsvarleg kontroll med kost-, nattillegg og representasjon.