Hestehandelen med SV, som sikra dåverande samferdsleminister Kjell Opseth Lærdalstunnelen, til trass; stadig fleire tvilar på om Ringeriksbanen nokon gong blir bygt.

Stortinget har skuva all investering fram til tidlegast 2011, og departementet tilrår ikkje pengar til detaljplanlegging ved neste rullering av Nasjonal Transportplan, som er retningsgjevande fram til 2015.

Jernbaneverket ynskte banen gjennom sentrale deler av Hole kommune, og bru over Kroksund (ikkje langt unna Sundvollen Hotell). Men Stortinget valde omvegen om Åsa, med enda lengre utsynsfrie tunnelar. Jernbaneverket lystrar ordre og ber no kommunane bandlegga område langs traséen, med nok breidde til dobbeltspor i framtida.

— Dette vil legga ei klam hand over nordre del av Hønefoss, og skapa store problem for framtidige vegløysingar, seier rådmannen i Ringerike, Svein Aannestad til Ringerikes Blad.

No har Ringerike Høgre programfesta kamp for å få Åsa-vedtaket omgjort, eventuelt få Ringeriksbanen lagt død for alltid. Lokallaget er på kollisjonskurs med Høgre og dei andre regjeringspartia sentralt, og dreg striden inn i lokal valkamp.

— Vi må få Stortinget til å innsjå konsekvensane av eit vedtak som vil knebla ein heil bydel i mange tiår framover, seier Høgre sin gruppeleiar i kommunestyret, Per Stamnes.

— Dette har dei godt av. Dei ville ha ulempene over på naboen, men steiker no i sitt eige feitt, gliser Fredrik Hildisch, leiar av motstandsgruppa i nabokommunen Hole, til Bergens Tidende. Han ynskjer at Stortinget skal gjera om heile vedtaket om å bygga Ringeriksbanen. Den kan svekka Hole sitt gode bussamband med Oslo.