Dette får Bergens Tidende opplyst i Riksrevisjonen. Karlsvik var på det tidspunktet flaggkommandør og sjef for Sjøforsvarets Skoler i Bergen og kommandant på Bergenhus.

Stadfestar

Riksrevisor Bjarne Mørk Eidem stadfester overfor Bergens Tidende at Riksrevisjonen i fjor tok imot tips om pengebruken til Karlsvik.

Mørk Eidem vil ikkje gå nærare inn på kva tipset omfatta og kva som skjedde med saka etter at tipset kom inn. Han nøyer seg med å seie at saka diverre ikkje vart fylgt opp slik føresetnaden var.

Ifylgje opplysningar Bergens Tidende har fått, vart tipset ekspedert vidare i Riksrevisjonen med påskrifta: «følg saka opp og skaff dokumentasjon».

Det skjedde likevel ikkje, og det er uklart kvifor.

Omfattande tips

Ekspedisjonssjef Hans Conrad Hansen i Riksrevisjonen opplyser til Bergens Tidende at tipset omfatta fleire av dei forholda som i den siste tida har vore omtala i pressa.

— Det er veldig beklageleg at vi ikkje fekk sett i verk gransking av denne saka. Den einaste forklaringa eg kan gje, er at vi hadde så sterkt fokus på rekneskapen til Forsvaret for 2003, som vi ikkje godkjende på grunn av feil og manglar. Og vi arbeidde intenst med å fylgje opp 2004-rekneskapen, der Forsvaret lova bot og betring. Dermed mista vi kanskje litt fokus på andre forhold som dukka opp, seier Hansen.

Dersom Riksrevisjonen hadde sett i gang gransking av saka den gongen, er det all grunn til å tru at Forsvaret ville ha blitt spart for den ekstra kjedelege situasjonen ein nå har hamna i etter at Karlsvik i mellomtida er blitt forfremja. Han er nå ein av forsvarssjefens næraste medarbeidarar og blir sett under politietterforsking mistenkt for økonomisk utruskap.

Ville sett bom

Ei gransking då ville etter alle solemerke ha sett bom for den vidare karrieren og den ekstra eksponeringa av tidlegare forsvarsminister Kristin Krohn Devold som nå skjer.

Nå er det reist spørsmål ved habiliteten til forsvarsministeren i samband med utnemninga av Karlsvik til kontreadmiral og sjef for fellesstaben i Forsvaret. Bakgrunnen er at det skal vere eit nært venskapsforhold mellom eksstatsråden og Karlsvik. Dei var kullkameratar på totalforsvarskurset ved Forsvarets Høgskole i 2000 og er hyttegrannar i Hemsedal.

Hansen seier at han oppfattar informasjonen frå Forsvarsstaben nå slik at dei vil snu kvar stein i Karlsvik-saka ved å gjennomgå alle bilag og posteringar.

— Dei vil få jobbe i fred og ro for oss til dei er ferdige, seier Hansen.

Avdekke mislege forhold

Ekspedisjonssjef Hansen seier at Riksrevisjonen er sterkt oppteken av å avdekke mogelege mislege forhold. Han viser til at Stortinget i den nye lova om Riksrevisjonen også gjev uttrykk for ynsket om at Riksrevisjonen skal bli meir aktiv i å drive etterforsking for å avdekke slike forhold.

— Dette gjeld mellom anna korrupsjon. Av og til kan vi augne raude flagg når si ser at tilbodsreglar ikkje er fylgt. Ein må då spørje seg kvifor reglane ikkje blir fylgt. Men det er store problem med å dokumentere ein eventuell mistanke. Bevisa finst ikkje i dei reknskapa vi skal kontrollere, men hjå leverandøren. Det er utanfor det området vi har mynde over og innsikt i. Men den nye revisjonslova opnar for at vi kan ha eit utvida samarbeid med politi og andre kontrollinstansar i saker der vi har mistankar om mislege forhold, seier Hansen.