Dette går fram av eit brev riksadvokat Tor-Aksel Busch nå har sendt til Justisdepartementet. Busch overlet nå til departementet å ta stilling til habilitetsspørsmålet, men han har sjølv klare oppfatningar i saka.

Vil ha full kontroll

I brevet skriv Busch mellom anna:

«Undertegnede kan ikke se at det foreligger forhold som tilsier at jeg bør vike sete i den videre behandling av «Treholtsakens» forskjellige sider, herunder dokumentspørsmål eller i forbindelse med begjæring om gjenopptakelse.»

Busch argumenterer for standpunktet sitt med å framføre at å konkludere med inhabilitet «vil innebære at den som er utsatt for strafforfølging, eventuelt media, i betydelig grad kan øve innflytelse på hvem innen politi og påtalemyndigheten som behandler en sak. Slik kan det ikke være», skriv Busch.

Tidlegare har førstestatsadvokaten i Oslo, Lasse Qvigstad, konkludert med at heller ikkje han er inhabil i Treholt-saka. Qvigstad og Busch delte aktoratet då saka mot Treholt gjekk for retten våren 1985.

Har kravd gjenopptaking

Treholt har med støtte frå advokaten sin, Harald Stabell, fremja krav om gjenopptaking av straffesaka. Saka er nå til behandling i Gjenopptakingskommisjonen.

Habilitetsspørsmålet er reist av NRK med bakgrunn i at NRK har kravd innsyn i dokument i saka, mellom anna lydbandopptak frå rettsforhandlingane i 1985.

Advokat Stabell, som for tida er på ferie i utlandet, seier til Bergens Tidende med bakgrunn i riksadvokaten sine vurderingar at «eg tek synspunkta til etterretning».

Både Busch og Qvigstad hadde hand om saka etter at Treholt i 1985 vart dømd i dåverande Eidsivating lagmannsrett. Det galdt både for Høgsterett og i to rundar med krav om gjenopptaking etter dei gamle lovreglane.

Kraftig åtak

Avdelingsdirektør Ingrid Wirum i Politiavdelinga i Justisdepartementet, uttalar til Bergens Tidende at ho reknar med at departementet vil ta standpunkt til spørsmålet om habilitet, i løpet av juli.

Bergens Tidende er kjent med at gjenopptakingsbegjæringa nå rettar seg mot sentrale delar av det bevismaterialet aktorane Busch og Qvigstad presenterte for retten då Treholt vart dømd. I botnen ligg ein påstand eller føresetnad om at bevis vart forfuska.

Både Busch og Qvigstad vil vere sentrale vitne i ei gjenopptakingssak.

Riksadvokatembetet vil ikkje uttale seg om saka, opplyser Harald Strand, som er konstituert riksadvokat.

– Bør vike sete

Eivind Smith, som er professor i offentleg rett ved Universitetet i Oslo, seier i ein kommentar til Bergens Tidende at han meiner både Busch og Qvigstad bør vike sete i denne saka.

– Ein som sjølv har vore aktor i ei sak det knyter seg så mange spørsmål til, bør i dag ikkje ha noko med saka å gjere.

– Det vil elles kunne gje grunnlag for å reise spørsmål ved truverdet til ein aktør som har hatt ei så sentral rolle, heilt uavhengig av korleis ein vurderer denne personen.

– Eg synest dette er ganske klart og har litt vanskeleg for å forstå standpunktet til riksadvokaten. Sjølv om ein skulle vere usamd i dette, meiner eg at det vil vere klokt av omsyn til saka, som engasjerer så sterkt, at riksadvokaten her vik sete, seier Smith.

– IKKJE INHABIL: Riksadvokat Tor-Aksel Busch vil ikkje sleppe taket i Treholt-saka, som han sjølv aktorerte for 21 år sidan. Han insisterer på at han er habil til å behandle alle sider ved saka, også gjenopptakingskravet frå Arne Treholt.

¿ IKKJE INHABIL: Riksadvokat Tor-Aksel Busch vil ikkje sleppe taket i Treholt-saka, som han sjølv aktorerte for 21 år sidan. Han insisterer på at han er habil til å behandle alle sider ved saka, også gjenopptakingskravet frå Arne Treholt. Foto: Håkon Mosvold Larsen / SCANPIX
Larsen, Håkon Mosvold